Dykkarar frå Os assisterer etter jordras
Dykkarar frå Os brannvesen er på veg til Samnanger for å bistå i arbeidet etter eit jordras i Liavegen.
Det er gått eit større jordras over vegen og ut i sjøen i Liavegen i Samnanger. Politi er på staden. Ein bil er teken av raset og førd ut i sjøen. Det var ingen i bilen og politiet melder at dei har kontroll på bileigar. Det er ukjend om andre er tekne av raset.
Dykkarar frå Os og søkshundar er på veg til rasstaden.
Artikkelen held fram under annonsen.
- På grunn av rasets storleik og det at det går ut i sjø, så må det gjennomsøkast. Men det er per no ikkje noko som tyder på at nokon er tatt av raset. Ingen personar er sakna og ingen bygningar er tatt av raset.
Vegen forbi staden er stengd på ubestemt tid.
jostein@osogfusa.no