På dugnad: Dugnadsgjengen Sveinung Olsen, Knut Brandal, Karl-Jakob Helland og Ingemar Helland.

Dugnad gjev godlåt i samfunnshuset: – Dette vert ein heilt ny sal

Medan dei fleste har teke romjula piano, har eit arbeidslag bokstavleg tala lista seg rundt - ein heil sal.

Eikelandsfjorden samfunnshus (ESH) har vore kjent for mykje, men ikkje spesielt for den gode lyden.

– Det har vore ein hard gjenklang, fortel arrangementsansvarleg Karl Jakob Helland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helland er sjølv musikar og har spelt rundt om på mange scener og forsamlingshus i landsdelen.

Då ESH vart teke i bruk i byrjinga av 1980-talet var det fagfolk inne medtanke på lyd. I etterkant viste det seg at symfoniorkester gjekk strålande, medan det meste anna vart sånn passeleg. Dette blir i desse dagar gjort noko med.

– Dette vert ein heilt ny sal, seier Karl Jakob, som tok initiativ til prosjektet.

Det gamle panelet vert no rive ned. I staden kjem det eit lag isolasjon, ein duk framfor der att med ei rad smale liser ytst.

Etter at fleirbrukshallen Fjorden Arena vart teken i bruk, skal ikkje bygda si storstove lenger brukast til ballspel. Her vert no rigga for aktivitetar som musikklag, kor og revy, og det meste anna innan kulturfeltet.

No handlar det om å bli ferdig slik at salen kan takast i bruk att. Når restriksjonane blir oppheva. Pensjonistane som gjer dugnad, held dampen oppe.

– Di meir vatn som renn i have,t di mindre får ein gjort, avsluttar styreleiar Ingemar Helland, før han fyrer i gang sirkelsaga.