Du kan hjelpa Arne til VM i dødsing
Arne Veim Haugland er på jakt etter VM-tittelen i dødsing. Fyrste mål er direkte-plass til finalen. Då treng han di hjelp.
I helga vert VM i dødsing arrangert i Frognerbadet i Oslo. Arrangør er Det Internasjonale Dødseforbundet i samarbeid med 6. SANS.
Osingen Arne Veim Haugland har mange spektakulære stup bak. Med dette stupet frå AdO-arena vonar han å ta seg direkte til finalen i årets tevling.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då må han få flest likes av alle som sender inn sine stup i FatstoneTV sine Facebook-konkurranse. Per no ligg osingen svært godt an. Du kan hjelpa Arne ved å gå inn og lika stupet hans på denne sida:
https://www.facebook.com/fatstone.tv/videos/942920099181117/