Drektig ku fall tre meter ned i møkakjellar, men overlevde: - Det var dramatisk
Torsdag rykte brannvesenet ut for å hjelpa ei ku som sat fast i møkakjellaren i Strandvik. Etter fleire timar kom kua heilskinna opp.
Vaktlaget frå brannvesenet var på veg tilbake frå Strandvik kl. 16.30 torsdag ettermiddag, og kunne fortelja at kua vart redda i halv fire-tida.
– Det var dramatisk. Kua vog nok over 700 kilo, og stod med møk opp til skuldrene, så det var ingen enkel jobb, fortel varabrannsjef Erik Walden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han forklarar at kua hadde falle ca. 3 meter, 2,5 av dei i fritt fall, ned i møkakjellaren. Ho var då komen opp att og hadde eit par lettare skader, men var etter forholda i bra form.
– Det var ein krevjande prosess og tok lang tid. Rundt to og ein halv time brukte me på å få ho ut, fortel Walden.
Sjølv etter å ha vore på fleire oppdrag i sin brannkarriere, der han har redda alt frå hestar til hundar og kattar, er dette første gongen han har vore med på å redda ei ku.
– Eg tenkjer mest på dyrevelferda og vil sjølvsagt ikkje at kua skal lida. Bøndene var også opptatt av at kua heile tida skulle ha det så bra som ho kunne i situasjonen ho var i, seier han, og held fram:
– Bøndene gjorde ein iherdig innsats, og me var med som assistentar.
Walden fortel at dei hadde med utstyr dei stilte til disposisjon, hadde oversikt over skadestaden og passa på alt var sikkert, men bøndene gjorde den største jobben.
– Ein er veldig letta når det går bra, seier han.
Kom seg gjennom to dører
Sigurd Gjuvsland, eigar av kua, hadde fått både spylt og mjølka kua når me fekk ein prat på telefon.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det går veldig bra med kua. Ho har fått roa seg ned no og har berre eit par små skrubbsår. Det er heilt utruleg at det gjekk så bra.
Gjuvsland skulle gjødsla torsdag, og hadde dermed opna den vesle luka ned til gjødsla. Bonden sleppte då kyrne ut, som er ein forholdsregel. Då han kom tilbake, høyrde han lyd i fjøset og såg at to av dei 15 mjølkekyrne hans var borte. Inne i fjøset såg han berre éi av dei to kyrne og forstod at noko var veldig gale.
- Dei har klart å koma seg forbi to dører for å koma inn dit. Ei skyvedør og ei heilt vanleg dør. Begge var lukka, seier bonden, og held fram.
– Dette har aldri skjedd før. Det er eit skrekkscenario for oss.
Bonden sette i gang med redningsarbeidet med det same. Han ringde ein nabobonde og fann fram stropper og utstyr for å få ho opp.
- Det var bra det framleis var ein del møk igjen der nede så ho klarte å stå på beina og ha hovudet opp, seier han, og held fram:
- Dyra betyr mest for oss, at dei har det bra. Når sånne ting skjer, kjenner du på det, seier han.
Gjuvsland fortel at bøndene gjorde mesteparten av jobben, men at brannvesenet kom med utstyr som kom godt med.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han hadde torsdag også vore i kontakt med dyrlegen, då kua er drektig, for å høyra om det vil gå bra. Tilbakemeldinga var at det mest sannsynleg vil gå bra med både ku og kalv, men bonden vil følgje ekstra godt med på ho framover.