Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Døvstumme tiggarar i Fusa

Politiet fekk i går eit par meldingar frå bekymra fusingar, om at dei hadde fått besøk av utanlandske tiggarar på døra, som påstod at dei var døvstumme.

- Det er likevel ikkje så mange som har meldt i frå. I alle fall ikkje om ein tel ut i frå kor mange hus dei antakeleg har vitja, seier politioverbetjent Anders Opsal, og held fram:

- Men mistenkjer ikkje at dei er ute for å rekognosera, eller at dei har vonde hensiktar, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje grunn til panikk

Det er ikkje første gong denne gjengen tiggar på dører i Fusa.

- Dei køyrer ein polsk-registrert bil. Den observerte me i går også. Me trur at dei er ein gjeng som køyrer rundt, og går av på ulike stader, seier han.

Politibetjenten legg til at sjølv om politiet ikkje mistenkjer tiggarane for noko kriminelt, så er det ikkje sikkert dei er heilt ærlege.

- Me trur ikkje at dei er døvstumme. Uansett, det er ikkje noko grunn til panikk i Fusa, seier Opsal.