Dømt i retten for å nekta å seia namnet sitt
Først då handjerna kom på ville mannen seia kva han heitte. Men då var det for seint.
Ein laurdag for nokre månader sidan vart politiet tilkalla som følgje av bråk på utsida av utestaden Solsiden i Hamnevegen. Det var eit sambuarpar i 20-åra som krangla, og politiet tok ein prat med båe to.
- Tiltalte var sint. Han ropte at han ikkje trengte å seia namnet sitt, og at politiet ikkje hadde noko med det, heiter det i forklaringa frå politimannen som kom til staden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Straffelova § 162 krev at folk må oppgi informasjon som namn, fødselsdato, stilling når politiet spør. Dette vart opplyst til osingen, som framleis nekta. Ifølgje politiet nekta han minst fem gonger. Først då handjerna kom fram, ville han ut med namnet sitt.
Burde sett litt mellom fingrane
Til sitt forsvar han mannen sagt at han var berusa, fortvila og berre ville heim. Han
- Politiet burde vore litt meir tolmodige og sett litt mellom fingrane, sa mannen i rettsaka, som fann stad i februar.
Han hevda dessutan at han berre hadde nekta å seia namnet sitt to gonger, ikkje fem, slik politiet hevda. Sambuaren hans støtta han i dette.
Bot eller fengsel
Retten har ikkje funne grunn til å tvila på politimannens forklaring, og seier at det er uviktig kor mange gonger mannen nekta.
- Politiet var utvilsamt på staden medan dei utøvde polititeneste, idet tilsette på utestaden kontakta politiet på grunn av krangelen mellom tiltalte og sambuaren, heiter det frå retten.
Dei fann difor at tiltalte måtte domfellast i tråd med tiltalen. Mannen vart difor dømt til ei bot på 6.000 kroner eller fengsel i 12 dagar, dersom han ikkje betalte. Saksomkostnader på 3.000 kroner kom i tillegg på mannens rekning.