Trafikkulukke: Natt til måndag var det eit trafikkuhell ved Liafjellstunellen.

Dogg i ruta: Mann i 20-åra erkjende skuld etter å ha krasja

Klarte ikkje svingen og hamna i ein annan bil.

Natt til måndag var det eit trafikkuhell ved Liafjellstunellen ved brannstasjonen. Kollisjonen mellom to bilar resulterte i materielle skadar. Politioverbetjent, Christine Grindstein, fortel at sak er oppretta og førarkortet er beslaglagt.

— Ein bil køyrde i sida på ein annan bil. Ein bilførar, ein mann i 20-åra, har erkjent at det var hans skuld, då det var mykje dogg på innsida av ruta og han ikkje hadde tilstrekkeleg sikt. Han klarte ikkje svingen ved Liafjellstunellen, seier Grindstein.