Doblar flyktningtalet
I formannskapsmøtet onsdag var alle parti, utanom Framstegspartiet, samde om at Fusa bør dobla talet på flyktningar i 2016.
Camilla Kvamme
camilla.kvamme@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Sju av formannskapsmedlemene røysta for at Fusa kommune skal auka talet på flyktningar i 2016 frå ti til 20, medan to, begge frå Frp, stemte mot. Partia vart òg samde om, etter oppmoding frå Fylkesmannen i Hordaland, å ta i mot ti flyktningar i året i 2017, 2018 og 2019.
Sidan kommunestyret i Fusa gjorde vedtak om å husa ti flyktningar i året i 2014-2016, har verdsbiletet, og spesielt situasjonen til dei syriske flyktningane, endra seg mykje.
- Sjølv om vi gjer vedtak om å ta i mot 20 i 2016, så er det ikkje sikkert at det er nok, påpeika Margunn Y. Samnøy (Sp).
- Frå KrF sin ståstad kan det ikkje vera tvil om at vi skal vera med på denne dugnaden. Vi må hjelpa til så godt vi kan, understreka Asbjørn Heidal (KrF).
Magne Djuvik (Frp) var heller ikkje i tvil om at Fusa må bidra.
- Men Frp er oppteken av at dei som kjem, skal verta integrerte på ein god måte. Dei må ha ein stad å bu, arbeid og læra norsk språk og kultur, sa Djuvik.
Frp-politikaren utdjupa:
- Det er alt for mange som fell ut av arbeidsmarknaden fordi dei ikkje kan norsk godt nok. Frp er oppteken av kvalitet. Difor kjem vi til å gå for alternativ 1, ti flyktningar i 2016 som planlagt, i denne omgang.
Artikkelen held fram under annonsen.
Treng fleire bustader
Den største utfordringa knytt til arbeidet med å busetja flyktningar, er bustader. Kommunen planla i utgangspunktet å byggja to nye bustader for flyktningar i Eikebakken i Eikelandsosen. Men når talet på flyktningar vert dobla, treng ein også dobbelt så mange bueiningar.
- Tek vi mot 20 flyktningar i 2016, må vi planleggja for fire nye bustader, ikkje to, presiserte rådmann Berit Fløisand.
Ifølgje leiar for teknisk drift, Øystein Havsgård, vil det gå eitt år før bustadene er innflytningsklare.
- Eg er uroa for tidsplanen. Vi kan ikkje vera ute i siste liten når det gjeld desse tinga. For å lukkast må vi ha fullt trykk på prosjektet. Vi må jobba hardt og målretta, sa Atle Kvåle (Ap).
Fleire av formannskapsmedlemene tok til orde for å innlosjera flyktningane andre stader enn i Eikelandsosen, dersom bustadmangelen vert eit vedvarande problem.
- Det er sjølvsagt ein fordel å bu i Eikelandsosen når ein skal delta i introduksjonsprogrammet. Men om problemet med bustader held fram, må vi vurdera å sjå oss om etter bustader andre stader. Vi kan ikkje vera så bastante at bustadmangelen vert ein avgrensande faktor, påpeika Kvåle.
- Eg trur Fusa-samfunnet er klart for å gjera ein ekstraordinær innsats for folk i nød. Det var mange bygder som gjorde ein formidabel innsats i samband med flyktningane som kom frå Bosnia på 1990-talet, og eg er ikkje redd for at skulane og barnehagane i dei ulike bygdene kan klara det på ein utmerka måte også i dag, sa Mikal Leigland (Sp).
- Med tanke på at Fusa kommune ønskjer vekst, set eg spørsmålsteikn ved at det ikkje finst ledige bustader i Eikelandsosen. Dette er noko vi, eller rettare sagt de, må ta tak i i tida som kjem, sa Birgitte H. O. Skibenes (SV), som deltok på sitt førebels siste formannskapsmøte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Årsaka til at flyktningane vert busette i Eikelandsosen, i alle fall dei to første åra (medan introduksjonsprogrammet pågår), har ifølgje avtroppande ordførar, Hans S. Vindenes (Sp), også eit økonomisk aspekt.
- Det er den billigaste og beste måten å gjera det på. Om vi hadde spreidd dei overalt i kommunen, hadde vi fått store utgifter med å frakta dei att og fram fem dagar i veka, påpeika han.
20 i 2017 også?
Vindenes meiner Fusa kommune må leggja seg i selen for å få på plass fleire flyktningbustader. Ordføraren tok også til orde for å ta i mot opp mot 20 flyktningar i året i frå 2017 også.
- Når ein først har eit apparat som fungerer godt, kvifor ikkje ta i mot fleire? Eg er overtydd om at dersom vi klarar å skaffa nok bustader, så kan Fusa kommune ta i mot eit vesentleg høgare tal enn det som står i saka, påpeika Vindenes.
Ordføraren fekk støtte frå Leigland.
- Om ein tek mot 20 i 2016 og 10 i 2017, så må ein jo ta ned igjen apparatet ein har bygd opp, sa Leigland.
Kvåle på si side, meinte det var for tidleg å forplikta seg til 20 i 2017, 2018 og 2019 alt no.
- Det er enkelt å endra eit tal. Dersom vi handterer dei som kjem i 2016 på ein god måte, kan vi justera opp talet, sa han.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er lov å prøva. Dette er trass alt det siste møtet eg får lov til å vera med å bestemma, sa Vindenes.
Også Frp sa seg villige til å sjå på saka på ny, dersom problemet med bustader endra seg.