DNB legg ned bankkontoret på Os
DNBs bankkontor på Os vert avvikla. Grunnen er dei store endringane i folk bankvanar.
- Endringa skjer som del av at DNB i løpet av våren halverer det totale talet bankkontor i Noreg som følgje av at dei fleste kundane er blitt sjølvbetjente, opplyser DNB i ei fersk pressemelding.
- Her i DNB på Os hadde vi i fjor i gjennomsnitt 15 kundebesøk per dag. Til samanlikning besøkte kundane i Os kommune oss 1.400 gonger i mobilbanken og 975 gonger i nettbanken kvar einaste dag. Det er ikkje forretningsmessig forsvarleg å oppretthalda eit bankkontor med så låg trafikk, og det tar vi nå konsekvensane av, seier banksjef May Sissel Syslak.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sju tilsette i dag
Kontoret har i dag sju tilsette. I pressemeldinga vert det opplyst at "tilsette som vert råka i hovudsak vil bli omfatta av bankens omstillingsregelverk. Det vil seia at dei som vil kan søkja jobb andre stader i konsernet".
- Elles vil dette bli forsøkt løyst gjennom naturleg avgang og frivillige løysingar. Dei to som jobbar mot bedriftsmarknaden vil bli overført vårt kontor i Fana og framleis betjena våre kundar i Os. I Fana vil vi vera tilstades med rådgjevingskompetanse både innanfor bedrifts- og personmarknaden, presiserer May Sissel Syslak.
Ho opplyser også at DNB Eiendom blir verande på Os og vil oppretthalda verksemda si i dei same lokala som tidlegare.
Vemodig
Ho legg til at bankkontoret i Os har lange tradisjonar, og at det er vemodig at dei snart skal stengja dørene.
- Men når kundane endrar bankvanane sine, må banken følgja etter, konstaterer Syslak, og legg til at dei fleste kundane vender seg til banken på telefon, chat eller sosiale medium dersom dei har spørsmål eller treng hjelp.
Syslak fotel at dei vil tilby starthjelp for dei som treng ei innføring i bruk av digitale tenester.
- Samtidig kan kundane våre framleis ta ut og setja inn pengar samt betala rekningar i Post i Butikk, Bank i Butikk og på postkontor.
DNB hadde i 2015 156 millionar besøk i mobilbanken og 91 millionar besøk i nettbanken.