— Dette må vera einaste strekket i Noreg med 80 km/t eine vegen og 50 km/t den andre
For eitt år sidan fekk han fartssona på delar av Lyseklostervegen redusert til 50 km/t. No ønskjer Georg von Erpecom at farten i Langedalen blir redusert både den eine og andre vegen.
— Kvifor i all verda skal ein ha 80-sone ned ein smal og kronglete skogsveg som dette, seier von Erpecom og kikkar på skiltet som opphevar 50-sona før skogholtet ned mot Lyseklostervegen.
Den pensjonerte tidlegare gardseigaren klarer ikkje fri seg frå at det heile også er litt komisk.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Som konsekvens av at delar av Lyseklostervegen fekk nedsett fartsgrense til 50 km/t, vart farten på vegen oppover her sett ned til det same. Resultatet er at me har fått ein veg med 80 km/t som fartsgrense nedover, og 50 km/t oppover. Eg trur ikkje du finn mange vegar i Noreg som har denne typen inkonsekvent fartsskilting, humrar von Erpecom.
Den tidlegare eigaren av Lyse Kloster Hovudgard har eit ambivalent forhold til den lange, smale og humpete vegen mellom Lysekostervegen og Søfteland. Vegen er anlagt i 1810 av tidlegare eigarar av Lyse Kloster Hovudgård, og han meiner difor at vegen ikkje kan bli stengd for gjennomkøyring for bebuarane på Lyse Kloster Hovudgård.
— Eg såg Langedalstoppen Sameie tok til orde for at vegen ikkje burde vera open for gjennomkøyring. Det er eg sterkt imot. Det kan dei ikkje få gjennomslag for.
— Sett farten til 30
Han meiner at når bebuarane på toppen av Langedalen og nedover mot Søfteland fryktar for auka gjennomkøyring når nye E39 opnar, så finst det ei enklare løysing enn å stengja vegen for gjennomkøyring.
— Sett ned farten til 30 km/t i begge retningar på heile strekninga frå Søfteland over Langedalen og ned til Lysekloster. For dei mjuke trafikantane er dette den beste farten å tilrå på ein slik smal veg. Samstundes sikrar ein at ingen vel å køyra denne vegen for å koma til den nye E39-påkøyringa ved Lyseklostervegen, seier von Erpecom, og legg til:
— Eg har sett litt på avstandane det er snakk om. Det er liten skilnad i avstand på Søfteland-Svegatjørn og Søfteland via Langedalen til E39-påkøyringa frå Lysekloster-vegen. Med 30-sone her, vil ikkje Langedalen vera noko snarveg i heile teke, trur von Erpecom.
Einingsleiar for samferdsle og VA i Bjørnafjorden kommune, Agnete Haugland, har ferie, og har ikkje hatt høve til å kommentera saka.