Godt nyttår: Bjørafjorden brann og rednings innsatsleiar for kvelden, Espen Storum (i midten), ber folk fylgja bruksanvisninga og bruka sunn forfnuft.

Dette må du aldri gjera når du skal senda opp fyrverkeri

Innsatsleiar Espen Storum i Bjørnafjorden brann og redning gir deg sine råd for ei trygg nyttårsfeiring.

Det ser ut til å bli rolege vindforhold på begge sider av Bjørnafjorden i kveld. Det er godt nytt for alle som skal senda opp rakettar.

Eit av innsatsleiar Espen Storums aller viktigaste råd å faktisk lesa bruksanvisninga før du set i gang med fyrverkeri.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Sjekk kva avstandskrav som gjeld, og fylg desse. Finn eit størst mogleg ope område der du bur, og pass på at du står flatt og stødig. Støtt gjerne opp rakettbatteriet med steinar. I stadenfor lighter eller fyrstikker, er det lurt å bruka ein tennstav.

Eit anna viktig råd er å bruka vernebriller. Dette gjeld uansett alder, og uansett storleik på fyrverkeriet.

— Pass ekstra godt på dersom du har born som bruker stjerneskot. Ta briller på dei og fylg dei tett. Hugs at det faktisk er 12-årsgrenses for bruk av desse.

— Born under 12 år har ingen føresetnader for å forstå kor høg temperatur det faktisk blir når stjerneskotet brenn.

For dei lengste stjerneskota med totallengde på meir enn 30 cm, er aldersgrensa for bruk faktisk 18 år.

Storum har også ei siste innstendig bøn:

— Om du har tent på lunta, og ingenting skjer, hald deg på avstand. Ikkje bli frista til å tenna på på nytt eller sjekka kva som er gale. Vent ein halvtime før du puttar raketten i vatn før du fjernar han.

Trygg bruk av fyrverkeri

1. Førebu fyrverkerioppskyting i god tid

Gjer klart for fyrverkerioppskyting medan det framleis er lyst og før festen startar. Finn ein eigna stad og gjer det klart til fyrverkeriet skal plasserast ut på kvelden.

Pass på at fyrverkeriet ligg utilgjengelig for born og uvedkomande inntil oppskytinga startar. Sørg for at fyrverkeriet vert skote opp i ei retning som ikkje set menneske eller bygningar i fare. Hugs å vurdera vindforholda.

2. Les bruksanvisninga nøye før bru

Følg råda i bruksanvisninga. For bruk av fyrverkeri er det 18-års aldersgrense. Sikkerhetsavstanden kan du lesa utanpå fyrverkeriet.

3.Alle som ser på må stå på trygg og sikker avstand

Minimum sikkerhetsavstanden til fyrverkeriet.

4. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada

Sjekk at fyrverkeriet er heilt og utan synlege skader. Skada fyrverkeri skal ikkje brukast og du må levera det tilbake til forhandlaren.

5. Plassering av fyrverkeri

Fyrverkeriet må plasserast på rett og ubrennbart underlag og støttast opp.

6. Bruk tennstav

Ein tennstav er enklare og tryggare å bruka enn for eksempel fyrstikker. Tennstavar får du vanlegvis kjøpt der du kjøper fyrverkeri.

7. Sit på huk, tenn lunta og gå

Etter at lunta er tend, bør du umiddelbart venda ansiktet vekk og gå til sikker avstand fra fyrverkeriet.

8. Bøy deg aldri over antent fyrverkeri

Fyrverkeriet kan tenna før lunta har brent heilt ut.

9. Ikkje tenn fyrverkeri på nytt dersom det ikkje tenner ved fyrste forsøk.

Sjølv om lunta ser ut til å ha slokna, kan det vera ei lita glo som kan føra til antenning. Fyrverkeri som ikkje tenner ved fyrste forsøk, skal stå i 30 minutt og dynkast grundig i vatn før det vert fjerna.

Du må aldri kaste fyrverkeri i søpla, men levere det tilbake til forhandler.

10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.

I alkoholpåverka tilstand vert vurderingsevna di redusert, medan reaksjonstida aukar. La ein edru person ta seg av oppskytinga.

Kjelde: Norsk Brannvernforening

Artikkelen held fram under annonsen.

Augeskader mest vanleg

Medan det i Bergen er fyrverkeriforbod i fleire område, er det ingen slike begrensningar i Bjørnafjorden. Her er det sunn fornuft som gjeld.

— Kor travelt bruker det å vera for dykk på nyttårsafta?

— Erfaringsmessig bruker det å vera ein roleg kveld for oss. Eg vil tippa at legevakta er dei av naudetatane som har mest å gjera. Spesielt augeskader etter uhell med rakettar, er ein gjengangar, seier Storum.

— Er uhellet ute og du ser opne flammar, ring 110. Ved både helse- og brannskade, ring 113.