– Dette har vi gledd oss til å dela med dykk
Markerer 100-årsjubileum - på etterskot - med dikt-stunt i sentrum.
I 2020 var Os mållag 100 år. Same året slo dei seg saman med Fusa mållag og vart Bjørnafjorden Mållag.
– Korleis markerer ein slikt, midt i ein pandemi, spurte laget seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
På Facebook-sida si fortel dei at «tidlegare tankar om markering måtte endrast på, og tanken om noko "smittevenleg" og noko varig kom til oss».
– No er det klart, ei diktløype midt på Osøyro, skriv dei.
– Løft blikket, eller kanskje senk blikket, og du kan finna 16 plater med dikt, oppmodar laget, som håpar både innbyggjarar og tilreisande vil finna glede i utsmykkinga og at «dei vil henga der i minst 100 nye år».
Dikta er å sjå rundt om kring i Os sentrum, frå Giskavollen parkeringshus i nord til bubilparkeringa på Haugsneset i sør.
Dette er nokre av forfattarane som er med på prosjektet:
Bente Bratlund
Frode Grytten
Hans Sande
Artikkelen held fram under annonsen.
Jon Fosse
Arne Ruset
Marit Tusvik