Dette er dei registrerte smittetilfella sist veke
62 personar fekk påvist korona i Bjørnafjorden fyrste veka i 2022.
– Vi har ikkje fått den smitteauken vi gjerne forventa etter juleferien. Dei strenge nasjonale tiltaka har verka veldig godt mot Delta-varianten. Vi har framleis stort press på tenestene. Vi har ingen utbrot i barnehage/skule eller institusjonar, men vi har store utfordringar med å ta imot utskrivingsklare pasientar, oppsummerer kommunen på sine heimesider.
Dei smitta er:
Artikkelen held fram under annonsen.
35 % under 18 år
65 % av dei smitta er vaksne over 18 år (berre 2 % er over 65 år)
24 % har ukjend smitteveg og 76 % har kjend smitteveg. Dei fleste med kjend smitteveg, er smitta i husstanden.
13 % har fått tre vaksinedosar, 44 % to vaksinedosar, 6 % ein vaksinedose og 34 % er uvaksinerte.