— Det vanskelegaste var faktisk å løfta apparatet
Dei verka litt nervøse i møtet med brannsløkkingsapparatet, men både Milja Matthiesen og Camilla Undredal takla oppgåva heilt fint.
Det var mykje å tenkja på. Splinten — sikringa — måtte bort. Den hadde branningeniør Martin Østgulen Svendsen åtvara om at kunne vera litt vanskeleg å trekkja ut, særleg på dei apparata dei hadde tilgjengeleg på øvinga. Så skulle ein passa på vinkel og kor mykje skum dei skulle sprøyta på flammane.
Men det var ikkje noko av det overnemnde som var det vanskelegaste for Matthiesen og Undredal.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det var faktisk å løfta tanken. Og så gløymde eg å ta ut sikringa, så det var umogleg å få noko ut, seier Matthiesen.
På skulen har dei to brannøvingar kvart år. Éi som er annonsert. Den andre får dei ikkje vita tidspunktet på. Då sjetteklassingane frå Nore Neset barneskule vitja brannstasjonen på Moberg torsdag, fekk dei god og fyldig informasjon om korleis ein kan førebyggja brann og korleis ein skal agera om ein brann oppstår.
Har ein avtalt møteplass
Noko av det dei snakka om, var kva elevane skulle gjera om det starta å brenna i huset deira. Det kom fram at fleire hadde soverom i andre- og tredjeetasje.
Østgulen Svendsen sa at det er viktig å øva på kva ein skal gjera. Det ein har øvd på, vil ein hugsa om ein brann oppstår. Ikkje minst er det viktig å ha ein møteplass utanfor huset som er kjend for alle.
— Vi har ein møteplass på grusplassen utanfor huset, fortel Camilla Undredal, etter at ho har fått prøvd å sløkkja brann.
Etter at den delen av øvinga var over, skulle elevane forsøkja å identifisera brannfarar i eit rom som brannvesenet hadde sett opp.
Elevane var på fire ulike grupper, og både Matthiesen og Undredal var på gruppa som avisa følgde. Etter litt om og men, bestemte dei seg for å kalla laget sitt Fifa.
Åtvara mot mobillading og skjøteledning
Inne i rommet identifiserte dei fleire brannfarar som Østgulen Svendsen hadde informert om i teori-delen tidlegare på dagen. I taket hang det ein brannvarslar utan batteri. Ein iPhone låg på lading under ei dyne. Skøyteleidninga hadde fleire støpsel kopla i seg — noko Østgulen Svendsen åtvara mot.
Artikkelen held fram under annonsen.
— De har gjerne sett desse skøyteleidningane før. Typisk i nærleiken av TV-en. Når fleire ting er kopla til, og særleg om det er til noko som krev ein del straum, blir dette brannfarleg, seier han.
Der det før ofte var fokus på levande lys, er det no elektronikk det går i når brannvesenet snakkar om brannfarar i heimen. Om lag halvparten av slike brannar startar ved komfyren eller nærme denne, fortel Østgulen Svendsen.
— Tørrkoking er ei vanleg brannårsak, seier han.
— Det er ikkje Grandiosa-pizzaar som er problemet, altså?
— Det er vel gjerne det ein ofte ser føre seg, at nokon kjem heim etter å ha vore ute på kvelden og skal laga seg nattmat, og legg ein pizza i omnen før dei sovnar. Nei, det er nok ikkje pizza som er det største problemet.
Egg er farlegare nattmat enn Grandiosa
Då Østgulen Svendsen studerte for å bli branningeniør, skreiv han bachelor om komfyrvakt.
— Eg har til gode å sjå at ein Grandiosa er årsaka til ein brann. Eg gjorde eit forsøk på dette då eg studerte, faktisk. Kva skjer om vi skrur temperaturen på fullt og let pizzaen stå inne i omnen. Det gjekk ikkje lang tid før pizzaen blei forkola, men så skjedde det ikkje noko meir. Det er mykje farlegare om ein til dømes skal styra med egg eller noko anna ein brukar platetoppen til.
Målet med å ha sjetteklassingane på besøk, er for at dei skal få kunnskap og gode vanar. Etter besøket på Moberg får dei ei sjekkliste som dei kan fylla ut. Her kan dei vinna premie som klasse.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det er utruleg kjekt å ha elevane her. Vi har fått tilbakemeldingar frå elevar og foreldre dei siste dagane om at dei set pris på tilbodet, og at elevane går og sjekkar heime. Det er nett det vi ønskjer, at dei blir mini-brannkonstablar.
Eit mangeårig tilbod
Vidare seier Østgulen Svendsen at årsaka til at det er sjetteklassingane som får koma på besøk, er at dei er nett i rett alder.
— Etter at dei har starta på ungdomsskulen, er kanskje ikkje dette “kult lenger”. Men dei er mottakelege og interesserte om dei kjem her som sjetteklassingar. Vi har halde på med dette i mange år. Det starta i alle fall før eg starta her, i 2012, seier branningeniøren.
I tillegg til Østgulen Svendsen, bidrog Merethe Rio og Agathe Lekven frå brannvesenet tysdag. Elevane var fascinerte av brannstonga, men den får sivile ikkje lov til å prøva å skli ned.
Fekk demonstrasjon i bruk av brannstong
Det skal ha vore ei ulukke for ei tid tilbake der ei kvinne skada seg i foten, så då måtte Merethe Rio til pers for å visa korleis dei brukar stonga.
— Vêr grei med meg, eg har ikkje gjort dette så mange gonger, seier ho og smiler.
Ho kom seg heil ned og demonstrerte att på til to gonger.
Før det var lunsj for elevane, skulle dei få vita kven av dei fire gruppene som hadde identifisert flest brannfarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det var Fifa, det, seier Rio og smiler.