- Det må vera likskap for lova
Jarle Vinnes reagerer på det han meiner er forskjellsbehandling i den nye arealplanen til Fusa kommune. Medan naboen har fått ja til å etablera hyttefelt i Osphovda på Vinnes, har Vinnes fått nei.
Vinnes meiner det må vera likskap for lova. Han viser til hyttefeltet som alt ligg inne i den gjeldande arealplanen frå 2006.
Då arbeidet med den nye arealplanen starta hausten 2012, søkte Vinnes om å få starta opp arbeidet med ein reguleringsplan for området. Søknaden vart avslegen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Svaret eg fekk, var at det var for tett opp mot den nye arealplanen. Eg måtte venta, seier han.
- Lotteri
Fusa kommune fekk om lag 300 innspel til den nye arealplanen då arbeidet starta for snart tre år sidan. Innspela vart gjennomgått av administrasjonen, delt inn i tema, og presenterte for Utval for plan og miljø i eit informasjonsmøte våren 2014.
- Etter ei administrativ vurdering av innspela (ei prosjektgruppe og ei fagleg ressursgruppe), vart det med utgangspunkt i dei vedtekne retningslinene fatta eit prosessvedtak i planutvalet. Talet på innspel vart på denne måten halvert, heiter det i høyringsutgåva av planomtalen frå juni 2015.
Vinnes på si side, meiner at utvelginga var basert på alt for mange tilfelle.
- Kommunen hadde ikkje møte med grunneigarane, dei var ikkje på befaring, men bestemte seg der og då for at halvparten av innspela ikkje var aktuelle, og det utan at dei som kom med innspela vart kontakta. Det var ingen som visste om dei var ute eller inne. Det var nærast som eit lotteri, hevdar Vinnes.
- Alt ligg til rette
Vinnes overtok garden til far sin i 2007. Garden grensar til Vinnesleiro naturreservat, som vart freda i 1995.
- I samband med erstatningssaka, spurte far min om fredinga ville få innverknad på områda rundt. Han fekk til svar at fredinga hadde ingen innverknad på områda i nærleiken av reservatet, seier Vinnes.
Det Vinnes reagerer mest på, er det som ifølgje han, er ulik handsaming av to nesten heilt identiske saker. For medan naboen hans, som også har planar om å etablera eit hyttefelt, har fått positivt svar frå kommunen, vert klagene til Vinnes avvist.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg synest det er veldig spesielt at éin av oss får ja, medan den andre får nei, seier Vinnes, som har planar om å utarbeida ein reguleringsplan i samarbeid med naboen.
I ein klage til kommunen frå september 2015, peikar han mellom anna på at det i eit møte med naboen i desember 2014, vart semje om at rulleringa av arealdelen ikkje skulle endra statusen for hytteområdet.
- Utbygginga kjem ikkje i konflikt med reservatet og ikkje i konflikt med vegen. Dessutan finst det vatn og kloakk i området allereie, så alt ligg til rette for å byggja tomter, meiner Vinnes.
Han planlegg å etablera 12-13 hyttetomter på eit 20 til 25 mål stort område på Vinnes.
Store skilnader
Vinnes meiner også at skilnaden i arealfordelinga mellom dei ulike bygdene, er for stor. I høyringsutgåva til planomtalen heiter det at det er av stor verdi for Fusa kommune at høvet til desentralisert bustadetablering er til stades. Samstundes legg ein opp til ei fortetting og ein meir sentral vekst, og imøtekjem dermed innbyggjarane sine ønske. Det betyr at ein i område med størst vekst i folketalet dei siste åra, som til dømes Holmefjord og Strandvik, har sett av høvesvis 100 og 63 mål til nye område for bustadbygging, medan ein på Vinnes/Skåte berre har sett av sju mål.
- Etter at eg overtok etter far min i 2007, har eg fått mange spørsmål om tomter til fritidsbustader og hus, seier han.
- Kommunen seier at ein ønskjer vekst, men då må ein leggja til rette for det også. Eg trur det er mange som er skuffa over at dei ikkje har fått tilsegn på innspela sine i den nye planen, seier Vinnes.
Den nye arealplanen til Fusa kommune vart lagt ut på høyring 18. juni. 20. august gjekk høyringsfristen ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ein omfattande og god prosess
- Når ein lagar ein arealplan vil det alltid vera nokre som er misnøgde og andre som er nøgde. Kommunen si oppgåve er å vega mange omsyn opp mot kvarandre. Alle kan ikkje få ønska sine oppfylte.
Det seier arealplanleggjar i Fusa kommune, Helle Holte Bruland. Ho fortel at kommunen har følgt krava til ein kommuneplanprosess i plan- og bygningslova, og at kommunen har fått positive tilbakemeldingar frå overordna styresmakter om at prosessen har vore omfattande og god.
Bruland forklarar vidare at årsaka til at hytteområdet til Vinnes, som låg inne i planen frå 2005-2016, ikkje er teken med i den nye planen, er at det i samfunnsdelen i kommuneplanen (som vart vedteken i 2011) vart slegen fast at det skal leggjast ein omsynssone rundt fuglereservatet på Vinnesleiro. Dette er følgt opp i den nye arealplanen.
- Kommunen ønskjer ikkje å opna for meir aktivitet så tett på fuglevernområdet. Det omtalte hytteområdet ligg innanfor omsynssona, og vart difor teke ut, seier Bruland.
Fritidsbygg har ifølgje planomtalen ikkje vore eit høgt prioritert område i rulleringa. Årsaka er at kommunen ønskjer å fokusera på gode bustadområde og Fusa som ein bukommune.
- I nasjonale retningsliner vert det dessutan venta at kommunen legg til rette for ei meir miljøbasert utbygging av fritidsbustader der mellom anna omsynet til naturmangfald vert vektlagt, heiter det.
Parallellt med utarbeidinga av arealplanen, har Fusa kommune vore med på eit interkommunalt samarbeid med kommunane i Sunnhordland om ein felles plan for strandsona. I samband med dette arbeidet har Fusa kartlagt funksjonell strandsone for om lag 85 av totalt 198 kilometer med strandsone.
- Kommunen har eit ønske om at arealplanen skal byggja på den interkommunale planen når det gjeld problemstillingar knytt til arealbruk i strandsona, heiter det i omtalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den nye arealplanen legg opp til om lag 221 nye einingar fordelt på 20 område i Fusa. I tillegg vidareførar kommunen nesten 200 ledige tomter frå eldre planar. Det gjev samla sett om lag 416 bueiningar i planen for 2015-2027.
- Vi legg til rette for større vekst enn forventa, påpeikar Bruland.
Den endelege arealplanen skal etter planen handsamast av det sitjande kommunestyret 15. oktober.