– Det korte svaret, er at det ser veldig, veldig lovande ut
Temperaturen stig og det ligg an til å bli ein fantastisk påske.
Nett det vil ikkje vakthavande meteorolog seia, men det er fordi at det framleis er langt fram, og mykje kan skje.
– Slik det ser ut, vil temperaturen stiga. Det kan framleis vera kaldt om morgonen, slik det er no, men temperaturen på dagtid til auka – mest sannsynleg, seier Marit Berger.
Artikkelen held fram under annonsen.
Påsken ser bra ut – så langt
Det har vore litt skyer onsdag. Det skal det halda fram med å vera også torsdag ifølgje Meteorologisk institutt. Fredag skal det bli strålande sol.
– I helga ser det veldig bra ut. Laurdag startar det å bli litt varmare også. Då kan vi bikka ti grader. Ut over i veka kan det bli varmare, men dette er litt fram i tid, så vi kan ikkje seia sikkert, seier Berger.
Langtidsvarslinga gjeld fram til langfredag. Både denne dagen, og dagane i førvegen, er det meldt 16 grader. Det er ikkje noko som tyder på nedbør i nærmaste framtid.