– Det er viktig at me utdannar ungdomen til å verta dyktige arbeidstakarar for det lokale næringslivet
Det seier Camilla Rabe Nesheim, avdelingsleiar for elevtenesta ved Fusa vidaregåande skule.
Skulen har i dag vel 300 elevar frå 11 ulike kommunar. Dei flest kjem frå Bjørnafjorden, Samnanger, Kvinnherad, Kvam og Tysnes.
Avdelingsleiar Rabe Nesheim fortel at elevtenesta jobbar tett opp mot elevane både med det faglege og det sosiale.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Elevmentorane som er elevar på skulen styrkjer arbeidet med å jobba for eit godt og trygt skulemiljøet. Nytt av året er at me har psykologisk lunsj for elevane, fortel Rabe Nesheim.
Auke til akvanæringa
Dei siste åra har skulen hatt ein auke i talet ungdomar som søkjer seg til utdanning innan akvanæringa.
– Ei av dei mange bedriftene me har hatt eit godt samarbeid med i fleire tiår, er Bolaks AS. Her møter elevane våre ei næring som er i stadig utvikling både når det gjeld teknologi og biologiske utfordringar, fortel Rabe Nesheim og held fram:
– Me synest det er spennande at Bolaks no skal etablera eit moderne landanlegg lokalt som vil gje både faglærarane og elevane auka kompetanse innanfor faget. Dette er ei næring i vekst både nasjonalt og lokalt som kan gje elevane store moglegheiter til jobb i eigen kommune.
Vegen til fagbrev
For å verta lærling i akvakulturfaget, havbruksteknikkfaget og andre yrkesretningar, må du ha gjennomført to år på vidaregåande skule.
– For akvanæringa må du gå Vg1 Naturbruk og Vg2 Akvakultur. Læretida er to år for alle faga, fortel Rabe Nesheim.
Som TAF-elev kombinerer du opplæring på skulen og jobb som lærling i ei bedrift i fire år.
– Etter fire år tek du fagbrev og har studiekompetanse med fordjuping i realfag, fortel avdelingsleiaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fusa vidaregåande skule
Yrkesfagleg utdanningsprogram:
Vg1
Restaurant og matfag
Helse og oppvekst
Teknikk og industrifag
Naturbruk
Vg2
Kokk og servitør
Helsefagarbeidar
Barne- og ungdomsarbeidar
Industriteknologi
Akvakultur
Yrkesfagleg og studieførebuande utdanningsprogram (vg1, vg2,vg3 og vg4):
TAF- Restaurant og matfag (YSK- RM)
TAF- Helse (YSK- HO)
TAF- Mekanisk (YSK TIF)
TAF- Automasjon (YSK TIF)
Studieførebuande utdanningsprogram (vg1,vg2 og vg3):
Kunst, design og arkitektur
Studiespesialiserande- realfag