– Det er viktig å ta ein runde rundt bilen no når det nærmar seg vinter
Statens vegvesen har hatt kontroll på Fanafjellet.
202 lette køyretøy vart kontrollerte då Statens vegvesen stilte seg opp på Fanafjellet tidleg onsdag morgon.
I kontrollen vart trafikken frå Lysefjorden scanna med skiltscannar då dei passerte toppen. Det var berre utslag på tre køyretøy. Eitt av desse mangla EU-kontroll og vart ståande att på kontrollplassen utan kjennemerke. Dei to andre hadde utført EU-kontrollen, men gøymd etterkontrollen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Denne mangelen var lett å kontrollera, så bileigarane fekk køyra til verkstad for å få mangelen sletta, opplyser vegvesenet.
Onsdag morgon vart det elles sjekka at alle hadde førarkort og at lys, bremser og dekk fungerte som dei skal.
– Det blei skrive ut 34 manglar. Mange av desse var på diverse manglande lys. Éin hadde utslitne bremser og bremseklossane var heilt på stålet, éin hadde lysande motorlys og éin hadde rustne bremser, kommenterer vegvesenet.
– Det var stort sett lite å bemerka, men det er viktig å ta ein runde rundt bilen og sjekka at alle lys verkar og at dekka er gode no når det nærmar seg vinter, vert det påpeika.