– Det er tragisk at dei tilsette mister jobben
Uansett kva namn dei har drive under, har Kjell Ole Sperrevik nytta bensinstasjonen til Familien Eidsvik. Han ønskte difor å takka dei for god sørvis når dei no må leggja ned.
– Dei har ytt kjempesørvis. Eg har alltid handla her, seier Kjell Ole og legg til:
– Det er trist at så mange flinke, fine menneske no står utan jobb.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tok nesten til tårene
For å visa kor takksam han er vore for sørvisen, stoppa Kjell Ole førre vekke innom med snittar til dei tilsette.
– Det er mange som har kome med gode ord, og uttrykt støtte etter at det blei kjend at vi mister arbeidsplassane våre, seier Siri Ludvigsen og legg til:
– Det er ingen som har gått så langt som Kjell Ole med å visa det. Det er flott gjort. Eg tok nesten til tårene.
– Parkeringsplassar er ikkje problemet
Kjell Ole kan ikkje forstå kvifor kommunen i det heile skal byggja parkeringshus.
– Kva er vitsen med eit parkeringshus når det stadig blir lagt ned butikkar, spør han.
– Men det har vel også kome nye butikkar til sentrum?
– Det har gjerne det. Men det er mykje av det same som kjem opp att. Det er frisørsalongar og restaurantar. Problemet er ikkje parkeringsplassar. Det er handlevanane og moralen til folk som er problemet. Dei ser på prisar i butikkane før dei går heim og handlar på nett. Personleg har eg aldri problem med å finna parkeringsplass når eg handlar i sentrum, seier han.