Ordførar Terje Søviknes er på jakt etter osing nummer 20.000.
Ordførar Terje Søviknes er på jakt etter osing nummer 20.000.

Det er offisielt: No er det over 20.000 osingar

SSB stadfestar no at grensa er passert. No jaktar ordførar Terje Søviknes på deg som flytta hit sist månad.

Denne veka kom meldinga frå Statistisk sentralbyrå:

- No er det berre å heisa flagget til topps! Tala våre seier at den 1. oktober var det 20.031 osingar, seier Øivind Rustad ved seksjon for befolkningsstatistikk hjå SSB.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ut frå vårt reknestykke har folketalet vakse med to personar om dagen i september, og dermed var det rundt 12. september at grensa vart nådd, seier Rustad.

1. juli gjekk dei ut med atdet var 19.980 osingar, noko som fekk fleire til å dra slutninga at kommunen truleg passerte 20.000-grensa ein gong i juli. Men så skjedde det overraskande at folketaletgjekk litt ned påfølgjande månad, slik at grensa først vart passert i september.

- Endeleg er grensa nådd!

Men no er grensa altså passert for godt. På sett og vis markerer hendinga at ein epoke som tok til på slutten av 1970-talet, er omme. Me må nemleg tilbake til 1978 for å finna då 10.000-grensa vart passert.

Os og Fusaposten møter ordføraren på torget og legg fram tala som kjem frå SSB. Søviknes legg ikkje skjul på at han er glad for at det endeleg er offisielt.

- Endeleg er grensa nådd! Det er historisk sus over dette, og me skal sjølvsagt markera det på ein skikkeleg måte, seier ordføraren.

Er du osing nummer 20.000?

Han kan fortelja at kommunen no ønskjer å koma i kontakt med alle som har flytta til bygda i løpet av september månad.

- Me ønskjer å fokusera på den gruppa som samla sett bidrar størst til folkeveksten, nemleg tilflyttarane. Difor ber me alle som flytta hit i september om å senda ein e-post til oss, seier Søviknes.

Kommunen har oppretta ei eiga epost-adresse til føremålet:

Artikkelen held fram under annonsen.

20000@os-ho.kommune.no

Gåvedryss over heldig vinnar

- Av dei som kontaktar oss, vil me trekkja ut ein heldig vinnar som vil få nokre gåver frå kommunen og næringslivet, seier Søviknes.

Frå Os og Fusaposten får tilflyttaren eit gratis årsabonnement på avisa. Søviknes oppfordrar også andre næringsaktørar om å ta kontakt for å syta for eit gåvedryss til ein samla verdi på 20.000 kroner til den utvalde tilflyttaren.

- Tilflyttarane er ei viktig gruppe for oss. Me har alltid vektlagt at dei er hjarteleg velkomne. Dei skal få finna sin naturlege plass i Os-samfunnet, både når det gjeld det kommunale tilbodet, men også i frivillig sektor.

Feiring og nye visjonar

Han legg til at denne inkluderande haldninga har vore særleg formulert gjennom "Os inspirerer-prosjektet", eit prosjekt som dei no vil oppdatera i lys av den nye milepålen.

- I oktober kjem det ei sak til politisk handsaming der me skal fornya "Os inspirerer"-prosjektet. Det vart først lansert for 10 år sidan, då me passerte 15.000 innbyggjarar. No ser me fram mot dei neste 10 åra, og vil lansera nye visjonar for det nye tiåret.

- I samband med det vil det bli naturleg med ei markering der me heidrar osing nummer 20.000, seier Søviknes.