- Det er mykje å setja seg inn i
Førstegongsveljarane Marte Skåtøy og Amalie Styrvoll vedgår at dei framleis har ein lang veg å gå før dei har fullstendig oversikt over kommunepolitikken.
- Det var kjekt å få helsa på varaordførar Marie Bruarøy, og me lærte ein del nytt, men det er framleis mykje å setja seg inn i, seier Styrvoll.
Før dei møtte Bruarøy onsdag, trudde dei framleis at det var ordførar Terje Søviknes og Frp som styrte kommunen nærast på eigehand. Posisjon og opposisjon, dei politiske samarbeidspartia, og kor mange som sit i kommunestyret, er berre noko av det som var nytt for jentene. Men den største overraskinga var kanskje rådmannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg tenkte at Søviknes er øvst og styrer alt, men rådmannen tek seg av mykje. Eg var ikkje klar over at han har ansvar for alle dei tilsette i kommunen, seier Styrvoll.
Mykje info på kort tid
Jentene er takksame for at varaordføraren tok seg tid til å hjelpa dei litt på veg. Men det blei litt for mykje informasjon på kort tid for førstegongsveljarane.
- Me lærte mykje nytt, men det var vanskeleg å spørja om ting, når me ikkje skjønte alt ho sa, seier Skåtøy og held fram:
- Eg kunne høyra at ho er politikar, og ho er sikkert utruleg god i jobben. Eg har snakka med fleire som stadfestar det. Men for oss blei det litt for mykje på ein gong.
Samstundes er ho litt fan av Høgre.
- Eg fekk litt lyst til å stemma Høgre, for Bruarøy var veldig hyggeleg og eg var veldig einig i mykje av det ho sa, smiler Skåtøy.
Dårleg oppdaterte sider
For å tileigna seg kunnskap om dei ulike partia har gymnasjentene blant anna brukt internett, og vitja heimesidene til partia i Os.
- Nokre av heimesidene er veldig fine, medan det er andre som ikkje ser ut til å ha oppdatert sida sidan valet i 2011, seier Styrvoll.
Artikkelen held fram under annonsen.
All tida dei har lagt i politikken den siste tida har gjort at dei er blitt meir interessert, men per no ser ingen av dei føre seg ei karriere som politikar. Men dei kjem alltid til å stemma ved val.
- Det er som varaordføraren sa, om ein ikkje stemmer, har ein ikkje rett til å klaga. Ein må gjera det ein kan for å påverka, seier jentene samstemd.