Elevar frå Os og Kuventræ barneskule blei i dag introduserte for ulike instrument, då Sjøforsvarets Musikkorps vitja Os. Leiar for Os Skulekorps, Karianne Maltun (t.h.), håpar det kan hjelpa på rekrutteringa.
Elevar frå Os og Kuventræ barneskule blei i dag introduserte for ulike instrument, då Sjøforsvarets Musikkorps vitja Os. Leiar for Os Skulekorps, Karianne Maltun (t.h.), håpar det kan hjelpa på rekrutteringa.

- Det er mange myter om korps

Myter omkring korps gjer det vanskeleg å rekruttera nye medlemer. I dag kom Sjøforsvarets Musikkorps til Os for å hjelpa dei lokale skulekorpsa.

- Det er alltid krevjande å rekruttera nye medlemer, då det er mange myter kring korps, seier leiar i Os Skulekorps, Karianne Maltun.

Kapteinløyntnant i Sjøforsvarets Musikkorps, Eirik Gjerdevik, nikkar samd.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Fotball og andre aktivitetar ser ungane på fjernsynet heile tida. Korps er nok fjernt for mange, seier han og legg til:

- Det er myter om at vi berre spelar på 17. mai, og går paradar. Det er langt frå sant, då det er det vi gjer minst av. Her går det i filmmusikk, musikk og konsertar. Vi følgjer med i tida, og spelar moderne musikk, seier Gjerdevik, som opphavleg er fusing.

- Os og Fusaposten, ja. Det passar bra. Eg er frå Fusa, nærare bestemt Baldersheim, seier Gjerdevik og smiler.

Karianne Maltun og kapteinløytnant Eirik Gjerdevik i Sjøforsvarets Musikkorps.
Karianne Maltun og kapteinløytnant Eirik Gjerdevik i Sjøforsvarets Musikkorps.

På rekrutteringsturné

Sjøforsvaret er i gang med ein 14 dagar lang rekrutteringsturné, med fleire besøk for dagen.

- I dag har vi besøkt Nore Neset skule før me kom her. Der var det vel over 300 elever. Vi møter som regel mellom 300-700 elever for dagen, og vi er berre ein av tre grupper, seier Gjerdevik.

- De er heldige

Elevane som var tilstades i Oseana i føremiddag, fekk læra og prøva ut instrument som tuba, saksofon og tverrfløyte.

- Vi er så heldige at vi har fått låna salen her i Oseana. Invitasjonen gjekk ut til skular i Os, og 2.- og 3. klassingar frå Os barneskule, samt 4. klasse frå Kuventræ, ønskte å vera med. Det er om lag 150 elevar her i dag, seier Maltun.

Os Skulekorps øver også i Oseana kvar torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har tre korps: Aspirantar, junior og hovudkorps. Vi er privilegerte som får øva i Oseana og musikantane har fått ta del i fleire av arrangementa som vert haldne der.

Kapteinløytnanten er tydelegvis også imponert. I innleiinga, før instrumenta vart introdusert, fortalte han nemleg elevane at:

- De er heldige. Vi har vore innom mange stader, men ingen like fine som Oseana.