Trivst godt: Vebjørn Ventrikkel Krogsæter (19), Oda Nymark (17) og Victoria Waardal (17) trivst godt på ambulanselinja på Os Vidaregåande.

– Det er ikkje akkurat dette dei fleste tenåringar driv med i kvardagen

Vebjørn Ventrikkel Krogsæter (19), Oda Nymark (17) og Victoria Waardal (17) er alle frå Sotra-området og flytta i haust til Os for å gå Ambulanselinja ved Os vidaregåande skule.

1. mars er søknadsfristen for vidaregåande utdanning. Fredag kjem det eigne utdanningssider i papiravisa, og i dagane framover kjem Os & Fusaposten til å ha fleire utdanningssaker på osogfusa.no.

– Eg har alltid tenkt at eg har hatt lyst til å bli ambulansearbeidar eigentle, så då var det naturleg å søkja seg hit, seier Victoria.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vebjørn derimot hadde eigentleg starta på ei anna linje, før han bytta til helse og oppvekst slik at han kunne gå ambulanse på vg2.

– Det vart rett og slett for kjedeleg å gå studiespesialisering, og så fekk eg plutseleg ei openberring om at eg skulle bli ambulansearbeidar, fortel han.

– Fleire meinte jo at eg skulle gå ferdig studiespesialisering og søkja premedical på høgskule eller noko slikt, men eg ville liksom berre koma i gang, og det har eg ikkje angra på, legg Vebjørn til.

Oda fortel at ho trur dei to andre kan ha påverka ho til å gå denne yrkesvegen.

Hadde andre planar: To av dei hadde eigentleg andre planar, men bestemte seg til slutt for å prøva ambulanselinja.

– Eg hadde eigentleg tenkt å gå «barn og ungdom», men så gjekk vi i klasse i lag på helse og oppvekst og der vart det ein del snakk om ambulanselinja i løpet av året. Éi veke før søknadsfristen bestemte eg meg for at dette ville eg også prøva.

– Ingen fasitsvar

Dei tre elevane fortel at ein typisk kvardag for dei består av ein del teori og mykje praksis.

– Vi har jo berre eitt år her der vi skal læra så mykje som mogleg før vi skal ut i lære, så det er ganske travelt. Som ambulansearbeidar må ein kunna litt om alt, både skadar og sjukdommar. Ein er som regel først ut til pasienten og då må ein ha kompetanse til å setja i verk ulike livreddande tiltak, fortel Oda.

– Kva synes de er mest krevjande med å gå ambulanselinja?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ganske tungt stoff fagleg og det er vanskeleg å læra om kroppen. Det er mange små detaljar og slikt. Så er jo alle pasientar forskjellige, og det som fungerer for ein pasient, er ikkje sikkert vil fungera for neste pasient, seier Vebjørn.

– Ja, det er liksom ikkje noko fasitsvar på noko ting, legg Oda til.

– Ein veit heller aldri heilt kva dagen bringer når vi er ute i praksis, men det er også noko av det som gjer yrket så interessant, seier Victoria.

Mykje praksis: På ambulanselinja er kvardagen prega av mykje praksis. Her tek elevane den nye ambulansebilen ut på ein liten prøvetur.

– Mål om å gjera kvarandre gode

Det å gå ambulanselinja på vidaregåande fører utvilsamt med seg ein meir alvorsprega skulekvardag enn dei fleste andre vidaregåande-linjene. Dei tre elevane fortel at det difor har vore særleg viktig med eit godt klassemiljø der det er låg terskel for å prata om ting.

– Det er ikkje alle som kan forstå korleis kvardagen vår er, for vi ser, opplever, snakkar om og trenar på ting som ikkje den vanlege tenåringen gjer på ein måte, fortel Oda.

– Difor er det veldig fint at vi har eit så godt klassemiljø, der vi forstår kvarandre og kan snakka om det vi opplever. Så har vi alle eit felles mål om å bli best mogleg, og alle prøver å gjera kvarandre gode, legg ho til.

Det å kunna prata ope om opplevingar er noko dei også trur vil bli viktig i framtidige jobbar som ambulansearbeidarar.

– Det er viktig å leggja vanskelege oppdrag bak seg ved å snakka med dei ein arbeider saman med. Eg trur det er viktig å finna sine teknikkar for å omstilla seg og få tankar ut av verda, dersom ein skal trivast i ein slik kvardag, fortel Vebjørn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokre ting tenkjer ein jo på lengre enn andre og då er det ekstra viktig å snakka om det og prøva å dela sine tankar, legg Victoria til.

Fleire gutar: Vebjørn, Oda og Victoria er samstemde om at fleire gutar burde søkja ambulanse-linja på vidaregåande.

– Helse- og oppvekstfag er jentelinjer

Éin ting dei tre elevane undrar seg over er kor få gutar som går ambulanse-linja.

– I klassen vår er vi fire gutar, og det er eigentleg ganske mange i forhold til kva det kan vera, seier Oda.

– Kvifor trur de at det er slik at færre gutar går ambulanse-linja?

– Eg trur det største problemet er at det er ingen som veit at ambulanse eksisterer på helse og oppvekst. Mange gutar tenkjer nok at helse- og oppvekstfag er jentelinjer, men slik er det ikkje, fortel Vebjørn.

– Det var liksom ingen som fortalte oss på ungdomsskulen at ein kunne bli ambulansearbeidar ved å gå helse- og oppvekst på vg1. Eg blei i alle fall fortalt at dersom ein går helse, så kan ein bli helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar, seier Victoria.

– Det er også eit ganske høgt karaktersnitt for å koma inn på ambulanse, så ein må på ein måte ha bestemt seg litt i forkant og jobba for det. Så er det kanskje slik at det er mest jenter som er motiverte til å jobba hardt med skulearbeid og difor ofte dei som har størst sjanse for å koma inn på linja, legg Oda til.