- Det er heilt uforståeleg
Slik reagerer velforeininga på at rådmannen har trekt tilbake kommuneoverleges vedtak om redusert opningstid for Solsiden, og at det skal takast ei ny, ekstern vurdering i saka.
- Vi er sett ut. For oss er dette eit forferdeleg tilbakeslag. Kvifor skal vi måtte leva med støy i nokre månader til medan dei tek ei ny vurdering av saka, seier representantar frå Irigsården velforening til Os & Fusaposten.
- Om det hadde vore slik at Solsiden i denne perioden medan dei undersøkjer saka igjen, hadde hatt innskrenka opningstid, så hadde det vore leveleg. Men slik er det altså ikkje. Vi er enormt skuffa over kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei mistenkjer at det ikkje er tvil om støyprøvane som er grunnen til at kommuneoverlegen etter deira syn blir overprøvd.
- Vi mistenkjer at det ligg noko politisk bak dette, seier velforeininga.
Overskrider grenseverdiar
Velforeininga fortel at dei har vore i kontakt med Norsk foreninig mot støy. Dei stadfestar at målingane er langt over det som er tillate.
- Det er ikkje tvil om at lydnivået inne er for høgt. Foreininga kan ikkje uttala seg så mykje om ute-prøvane. Kravet til støy frå vindmøller er maks 44 desibel. Desse er langt frå folk. Uteprøvane gjort på Solsiden viser mellom 60 og 70 desibel. Korleis kan det vera lov, spør velforeininga.
I tillegg legg velforeininga til at grenseverdiane som blei brukt ved Swecos siste måling, er feil.
- Av ein eller annan grunn har kommuneoverlegen oppgitt grenseverdiar som er feilaktige.
I bustaden i toppetasjen av Irisgården, der målingar har blitt tatt under lydprøvar i saka, blei det målt 22 desibel utanom normal drift på Solsiden. Den siste målinga, utført i august, under normal drift, viste 33 desibel.
- Det er langt over grensa på 27 desibel, seier representantar frå velforeininga.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Seks desibel over grensa tilsvarar ein firedobling over tillat verdi.