Det blir ingen bos-streik
KS Bedrift og arbeidstakarorganisasjonane blei torsdag kveld samde i lønsforhandlingane.
BIRs energianlegg blir difor ikkje råka av streik. Det betyr at innsamling av restavfall går som normalt.
- Vi er glade for at partane har komne til semje og at vi kan halda fram jobben vår som vanleg. Vi oppmodar alle til å kjeldesortera avfallet sitt slik at vi kan utnytta ressursane på ein best mogleg måte, Mette Nygård Havre, kommunikasjonssjef i BIR AS.