Desse sjukdomane råka oss i fjor: Fire tilfelle av den alvorlegaste E.coli-smitten
Her er fjorårets liste over meldepliktige sjukdomstilfelle i Bjørnafjorden.
MSIS er Folkehelseinstituttets nasjonale overvaking av smittsame sjukdomar.
Det er Helse- og omsorgsdepartementet som avgjer kva sjukdomar som er meldingspliktige i MSIS. Når ein lege eller eit laboratorium diagnostiserer ein slik sjukdom, er dei pliktige til å melda han vidare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Du kan sjå lista over meldepliktige sjukdomar her.
MSIS-statistikken for 2024 viser at det har vore ei rekkje ulike sjukdomar i Bjørnafjorden i året som gjekk.
Den vanlegaste er korona som hadde nye tilfelle kvar einaste månad året gjennom. Til saman 240 tilfelle vart meldt inn. Aller flest i november og desember med høvesvis 57 og 65 koronasjuke personar.
Det er viktig å hugsa på at dette berre er dei tilfella som er dokumentert hos lege, og ikkje dei som har vore sjuke, men ikkje vore innom helsevesenet.
Ein sjukdom som med jamne mellomrom har avgrensa utbrot, er kikhoste. I fjor var det seks tilfelle i vår kommune. Tre av desse i november og desember.
Tre personar fekk virusinfeksjon i sentralnervesystemet. Det kan til dømes vera encefalitt (hjernebetennelse) eller meningitt (hjernehinnebetennelse).
Tre personar fekk streptokokkar gruppe B, og éin person fekk gruppe A. I tillegg fekk tre personar salmonellose, som ganske riktig vert utløyst av salmonellabakterien.
I sterk tilbakegang
Dei siste åra har talet på rotavirus-infeksjonar gått sterkt tilbake. Dette skuldast at sjukdomen er teken inn i barnevaksinasjonsprogrammet. Likevel var det sju tilfelle i vår kommune i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
MRSA, eller antibiotikaresistente gule stafylokokkar (meticillinresistent Staphylococcus aureus), råka fire personar i 2024. MRSA smittar lettast mellom personar som har mykje tett kontakt, som til dømes familiemedlemer. Sjukdomen smittar også lett frå svin til personar som arbeider med dyra, eller vice versa.
I mai fekk éin person malaria. Dette er det einaste innrapporterte tilfellet av den alvorlege sjukdomen som er særleg utbreidd i Afrika.
Den flåttborne sjukdomen Lyme borreliose råka seks personar, medan ein fekk listeriose, som er ein næringsmiddelbåren zoonose, eller ein infeksjonssjukdom som kan smitta frå dyr til menneske, og av og til frå menneske til dyr.
Ein person fekk den kroniske varianten av hepatitt B i fjor, og åtte personar fekk kjønnsjukdomen gonorè. Flest tilfelle var det i mars, då fire tilfelle vart registrert.
E.coli
To personar fekk giardasis, ein tarminfeksjon som dei fleste av oss forbind med Giardia-utbrotet i Bergen for nokre år tilbake.
I 2024 var det vart også fem personar sjuke av E.coli-infeksjonar. Éin av desse fekk den såkalla enteritt-varianten, medan fire fekk den alvorlegaste forma som er EHEC. Den kan gi ulik sjukdomsutvikling og variera frå eit asymptomatisk forløp eller ukomplisert diaré, til alvorlige tilfelle av massiv blodig diaré.
I tillegg til eitt tilfelle av EHEC i mars, var det eitt nytt tilfelle i kvar av årets siste tre månader.
Tilfella går inn i statistikken på det som Folkehelseinstituttet har omtalt som det største E.coli-utbrotet i Norge nokosinne. I følgje NRK utvikla sju born kronisk sjukdom i etterkant.
Artikkelen held fram under annonsen.
Om dette gjeld nokon i Bjørnafjorden, er ukjent.
Kommuneoverlege Bjørn Petter Johannessen er kjend med EHEC-tilfellet frå oktober i fjor, men ikkje dei frå november og desember. Han trur difor det må vera snakk om nokon som er folkeregistrert i kommunen, men som ikkje bur her.
Tarm og diaré
Så spørst det om du har høyrt om den neste sjukdomen, cryptosporidose? Ikkje? Dette er ein parasittinfeksjon som vanlegvis smittar gjennom inntak av kontaminert vann og næringsmiddel. Særleg grønsaker, frukt, bær og kjøttvarer som er forureina med avføring frå smittebærande personar eller dyr.
I fjor fekk fire personar diagnosen.
Då var det langt fleire, faktisk fjorten personar, som fekk clostridium difficile. Tarmsjukdomen kan oppstå etter bruk av antibiotika og opptrer som oftast som komplikasjon hos alvorleg sjuke, eldre pasientar på sjukehus.
Heilt til slutt, eller fyrst i alfabetet, finn vi campylobacteriose. Nest etter korona, var det flest personar med denne sjukdomen. 27 personar totalt, og 13 i juni og juli, gir deg kanskje ein peikepinn på kva dette er for noko?
Vi snakkar tarminfeksjon eller feriemage. I meir enn halvparten av tilfella skjer smitten i utlandet eller frå importerte produkt.
2024
For 2024 er statistikken så langt svært beskjeden. Men, det er i alle fall meldt inn ni tilfelle av korona, eitt av gonorè, ein resistent gram negativ stav, to rotavirus, og ein systemisk pneumokokksjukdom.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så får vi vera glade at talet for syfilis, miltbrann, rabies og koppar er null.