Lyttar til elevane: Åsmund Lien, Bjørg Haugene og Bent Tveiten er tre av fem lyttevenar på Hegglandsdalen barneskule.

Desse lyttevenane vier tid til elevane, men dei får også mykje i retur

Prosjektet som blei starta i haust, har vore ein stor suksess på Hegglandsdalen barneskule.

Det var i fjor haust at skulen søkte etter lyttevenar til elevane på skulen. Det var først tenkt som eit tilbod for elevane frå 1. til og med 4. klasse, men då fem venar melde seg, tok dei med 5. klasse også. For dei eldste var det ein fordel å få inn ein lytteven som hadde gode engelskkunnskapar. Det har Bent Tveiten.

– Eg er frå Canada, nærare bestemt Montreal. Skal ikkje klaga på engelskkunnskapane mine, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva med fransken, då, kjem det frå Åsmund Lien.

– Kan ikkje klaga på den heller, seier Bent og smiler.

Åsmund Lien og kona Bjørg Haugene tek også del i prosjektet. Dei to er lyttevenar for høvesvis 4.- og 2.-klassingane.

Dei fortel at ein får god kontakt med elevane.

– Dei støyter på nye ord, som det for meg nokre gonger er sjølvsagt at dei skal kunna. At vi sit slik vi gjer, gjev gode høve for å kunna forklara orda. Nokre ser gjerne litt spørjande på meg når dei les, slik at eg kan sjå at dei gjerne ikkje heilt forstår. For mange er det nok lettare å spørja når vi sit slik, enn om ein skulle stå framfor klassen og spørja, seier Åsmund.

Flotte augneblink

Det er tydeleg at mange elevar set pris på desse timane med lyttevenane. Det er ikkje alle som seier det høgt, og Bjørg nemner på eitt tilfelle med ein elev som sa at vedkomande ikkje ville lesa. Det skulle visa seg å ikkje vera heilt det som var tilfellet, og ved at dei sat der – berre dei to – fann dei ut av det saman.

– Denne eleven leste om Raudhette, og syntest det var skummelt. Eleven såg alt føre seg, og var inne i skogen saman med ulven. Vi fekk prata om det, og neste dag stod eleven og smilte godt til meg og sa hei utanfor skulen.

Slike augneblink har dei hatt fleire av sidan dei blei lesevenar. Av omsyn til elevane, går dei ikkje i detalj om alle opplevingane, då det kan identifisera kven det er snakk om. Åsmund hadde ei oppleving med ein elev, som verkeleg «gjorde dagen» for han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ser resultat

Rektor Gunnhild Hansen fortel at dei ser resultat av prosjektet.

– Elevane får ei oppfølging som lærarar med ein heil klasse ikkje kan gje. Elevane kjem ut frå desse øktene og det stråler av ansikta – ein ser stor glede. Det er ei type oppfølging som elevar får for lite av. Lytteven-prosjektet har vore stor suksess, slår ho fast.

Bent seier at dette er hans måte å gje litt tilbake til samfunnet på.

– Det er fantastisk å ta del i det. Det er artig å treffa borna og å høyra på dei. Dei har også vist stor framgang på den korte tida vi har halde på.

Evna til å lesa er ein av dei avgjerande eigenskapane i samfunnet, og ved å knekkja lesekoden, vil føresetnadene for å trivast og gjera det bra på skulen, vera mykje større. Skulen ser det også som positivt at ein gjennom dette prosjektet knyter band mellom generasjonane i lokalsamfunnet.