Desse kan verta del av fylkestinget
Det er ikkje berre i kommunane kampen om posisjonane står. Fleire lokale fjes ligg også an til å verta del av Fylkestinget i Hordaland.
Terje Søviknes tronar øvst på Framstegspartiets fylkestingliste for fjerde gong på rad. Av dei som kom inn på fylkestinget i 2011, var Søviknes den som fekk flest personrøyster (6.446 røyster). Det skal med andre ord svært mykje til for at ordføraren ikkje vert del av fylkestinget dei fire neste åra også.
Dersom Søviknes hamnar i ein posisjon der han må velja mellom ordførartittel i Os og fylkesordførartittel i Hordaland, har ordføraren sagt dette til «Os og Fusaposten» tidlegare:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dersom partiet er så heldig å få fylkesordførarvervet, så prioriterer eg Os og ordførarvervet der, sa Frp-politikaren til avisa i desember.
Andre lokale namn i øvste skikt av Frp si fylkestingliste er Gustav Bahus (Os) på 5. plass og Magne Djuvik (Fusa) på 13. plass.
Nils Anders Nøttseter (Os) og Birgitte H. O. Skibenes (Fusa) ligg på 5. plass på høvesvis Miljøpartiet Dei Grøne og Sosialistisk Venstreparti sine lister, medan Atle Kvåle (Fusa) er på 6. plass på Arbeidarpartiet si liste.
Første lokale namn på Høgre si fylkestingliste er Olav Kvinge (Os) på 8. plass. Om han skal få følgje av partikollega Emil Tetlie Brimsholm, må sistnemnde ha ein god del personrøyster. Brimsholm ligg nemleg på 25. plass på lista.
For Senterpartiet sin del, ligg Margunn Y. Samnøy (Fusa) best an av dei lokale representantane som til å verta del av fylkestinget. Siren Elise Tømmerbakke (Os) er på 23. plass på Sp si liste.
Fusa Venstres ordførarkandidat, Arild Hjemdal Heggland, ligg på 11. plass på fylkestinglista, medan Os Venstres ordførarkandidat, Jon Sivert Sundøy Rykkel, er på 21. plass.
KrF har ingen lokale namn før ein kjem til 16. plass på lista. Der ligg Anne Sofie Martinsen frå Fusa. Raudt har dessutan Laila Vangen frå Fusa på 19. plass.
Fylkestinget i Hordaland har 57 medlemer. I perioden 2011-2015 har mandata vore fordelte slik mellom dei ulike partia: H (17), Ap (16), Frp (8), KrF (5), V (4), Sp (3), SV (2), Raudt (1), MDG (1). Tom Christer Nilsen (H) er fylkesordørar.