Fleire veker: Det er heilt vanleg at plager frå både influensa og korona heng igjen i kroppen i fleire veker. (Illustrasjonsfoto)

– Denne vinteren er det ekstra ille

Magevirus, covid, influensa og luftvegsinfeksjonar herjar landet.

Helsestyresmaktene rår sjuke folk til å halda seg heime for å unngå å plukke opp ny smitte.

– Det er normalt på denne tida av året med mange parallelle epidemiar av både luftvegsinfeksjonar og mage-tarm-infeksjonar. Denne vinteren er det ekstra ille fordi vi har ein ny sjukdom, korona, i tillegg til dei gamle, og vi har ein tøff influensasesong, seier fagdirektør Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik svarer han på korleis folk bør ta omsyn til sjukdom som sit tungt i, der det kjennest som hosten held fram og kreftene ikkje kjem tilbake.

– Det er vanleg at det kan gå fleire veker etter ein luftvegsinfeksjon før alle symptoma er borte. Viss feberen er borte, og ein elles er i rimeleg bra form, treng ein ikkje hasta til fastlegen og i alle fall ikkje til legevakta. Ein kan sjå det an og høyre med fastlegen etter kvart, skriv Aavitsland.

Unngå eksponering

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad i Helsedirektoratet stemmer i. Han seier det særleg etter covid eller influensa, er vanleg å kjenna seg slapp og ha resthoste, og kanskje pådra seg fleire infeksjonar etter kvarandre. Å eksponera seg ute blant folk, aukar risikoen for å plukka opp ny smitte medan ein er sårbar.

– Vi er inne i den absolutt kaldaste årstida og lever utan smitteverntiltak. Det gjer at fleire typar luftvegsvirus blir samtidig spreidd. I tillegg har ikkje influensavaksinen treft heilt blink i år, og vi har framleis mykje spreiing av Sars-Cov-2-viruset trass vaksinasjon med oppfriskingsdose hos mange, seier han.

Aavitsland anslår at fleire hundre tusen blir smitta kvar veke med korona og influensa.

– Vi pleier å sjå ein auke av influensa når barnehagar, skular og arbeidsplassar kjem i gang igjen etter juleferien. Folk som får nye luftvegssymptom og kjenner seg sjuke, bør halda seg heime til dei er betre, seier fagdirektøren.

Vaksinasjonstilrådingane står uansett ved lag.

– Det er ikkje for seint, verken for influensa eller korona, seier Aavitsland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pass på andre

Viss restplagene held fram i meir enn tre veker, og særleg viss dei ikkje er minkande, kan det vera lurt å kontakte fastlegen. Nakstad rår også folk til å vera litt merksame når det gjeld andre som er sårbare.

– Mange kan bli ordentleg slått ut av influensa og covid-19, særleg eldre menneske. Det er difor fint viss ein held kontakten med eldre slektningar, vener eller naboar som har vorte sjuke. Kanskje treng dei hjelp til å handla eller får behov for å koma i kontakt med fastlegen? Då kan det vera godt å få hjelp frå andre.

Nokre grupper bør også få sjekka om ein har covid-19. Er ein over 65 år og har ein kronisk sjukdom, kan det vera aktuelt å starta med tablettbehandling mot koronaviruset.