Den som ventar på noko godt...
Etter meir enn seks år i mellombels lokale ved skulen på Søfteland, skal Hjellemarka FUS barnehage endeleg opna dørene, i Hjellemarka, 4. april.
Barnehagen skal ifølgje rådgjevar hjå Trygge barnehager, Tor-Hasse Paulsen, ferdigstillast i slutten av februar. Deretter må Trygge barnehager søkja om bruksløyve, før flyttesjauen frå Vesterlio til Hjellemarka kan starta.
- Barnehagen treng litt tid på seg til å flytta, difor har vi, på grunn av påskeferien, bestemt oss for å ta i bruk dei nye lokala i byrjinga av april. Det er utruleg stas både for oss og for barnehagen, seier Paulsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mål i sikte
Mangel på barnehageplassar var årsaka til at Hjellemarka FUS barnehage opna i mellombels lokale i Vesterlio på Søfteland i oktober 2009. Tanken var at ein ny barnehage skulle stå klar i Hjellemarka det påfølgjande året. Slik vart det ikkje, og våren 2011 skreiv «Os og Fusaposten» ei sak med følgjande tittel: Papirarbeid seinkar barnehageplanar.
Seinkinga skuldast reguleringsplanen for Hjellemarka III, området som den nye barnehagen ligg innanfor. Utbyggjar hadde problem med å få planen godkjent.
- I tillegg til reguleringssaka var det ei vegsak og diverse andre ting som førte til at ting tok lenger tid enn venta, opplyser Paulsen.
Fylkesmannen i Hordaland og Statens vegvesen varsla motsegn mot planen. I tillegg rådde Hordaland fylkeskommune frå utbyggingsplanane på grunn av mellom anna tilkomsten frå E39 til bustadområdet.
No er ei ny innkøyring teken i bruk, og våren 2015 var også det formelle kring barnehagetomta endeleg i orden.
- Sjølv om det har vore ein lang prosess, har det gått veldig bra. Vi fekk igangsettingsløyve i mai, og kort tid etter stakk vi spaden i jorda, fortel Paulsen.
Også blant dei tilsette er gleda stor over at den nye barnehagen no er innan rekkjevidde.
- Barnehagen har vore på tur til Hjellemarka og sett på korleis bygget veks. I tillegg har vi byrja å laga inventarliste og å kasta det vi ikkje treng i dei nye lokala. Det er mykje kjekt som skjer framover, og vi gler oss veldig, seier dagleg leiar i Hjellemarka FUS barnehage, Birte Strømsø Holsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kva ser de mest fram til?
- Å få eit heilt nytt og funksjonelt barnehagebygg med eit fint uteområde, seier Holsen.
Dagleg leiar fortel at ventetida tidvis har vore lang, men at tilsette og born, trass ventinga, har klart seg fint.
- Det er veldig fint på Søfteland. Vi har mange fine turområde i nærleiken av dei mellombelse lokala, seiar Holsen.
- Godt samarbeid
For Trygge barnehager har samarbeidet med Os kommune og utbyggjar Markhus Bolig AS vore viktig.
- Det er sjølvsagt utfordrande når arbeidet med reguleringsplanen tek tid. Ein vert utolmodig når ein ikkje kjem i gang med bygginga. Men desse tinga låg utanfor Os kommune og utbyggjar sitt domene. Når reguleringsplanen endeleg var på plass, sørgde kommunen, i god Os-ånd, for effektiv handsaming av byggjesaka, seier Paulsen og legg til:
- Den som ventar på noko godt, får noko flott.
Rådgjevaren trur det vert ein milepåle for dei tilsette å koma på plass i den nye barnehagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er mange som gler seg til opningsdagen. Det er spennande og morosamt kvar gong vi opnar ein ny barnehage, seier Paulsen.
Hjellemarka FUS barnehage er éin av tre FUS-barnehagar i Os. I Noreg finst det til saman 172 FUS-barnehagar.
Ledig kapasitet
Samstundes med at Hjellemarka FUS barnehage opnar dørene i nye lokale, stengjer ein annan barnehage på Søfteland, Sælehaugen barnehage, dørene for godt.
Den nye barnehagen i Hjellemarka er, som dei mellombelse lokala i Vesterlio, godkjent som ein barnehage med fire avdelingar. Barnehagen har plass til om lag 70 born.
- Nøyaktig kor mange born vi har plass til kjem litt an på alderen til borna, fortel rådgjevar i Trygge barnehager, Tor-Hasse Paulsen
Per dags dato har barnehagen drift i tre av fire avdelingar. 49 born går i barnehagen.
- Vi har plass til fleire, seier dagleg leiar Birte Strømsø Holsen og legg til:
- Vi kjem til å tilby plass til dei som ønskjer å flytta borna sine frå Sælehaugen til Hjellemarka. Men dei må søkja, påpeikar ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kor mange born barnehagen har høve til å ta inn, veit ho ikkje enno.
- Eg fekk akkurat ein oversikt over areala frå Tor-Hasse. Eg torer ikkje å seia noko om kor mange ledige plassar vi har enno. Eg vert nøydd til å rekna litt på det, seier Holsen når me snakkar med ho fredag.