Den nye rådmannen er på plass
Den nye rådmannen i Os kommune, Christian Fotland, har sin fyrste arbeidsdag på rådhuset i dag. Han vart ønskt velkomen av ein nøgd og forventningsfull ordførar fredag morgon.
Christian Fotland har åtte års rådmannserfaring frå Radøy og Lillehammer, og kjem frå stillinga som administrerande direktør ved Høgskulen i Bergen. Kandidaten har også relevant leiarerfaring frå skulesektoren, m.a. i Øygarden og Bergen kommune.
- Eg er viss på at han vil bli ei positiv drivkraft i vidareutviklinga av vekstkommunen Os, har Søviknes kommentert om Fotland tidlegare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han har også trekt fram at Fotland har relevant utdanning innan administrasjon og leiing, og kan syna til gode resultat som rådmann i Radøy og Lillehammer.
- Dette er heil ved, kommenterte ein nøgd Jonny Christensen i Fagforbundet i Os, då valet av Fotland var klart, og viste til dei gode skotsmåla den nye rådmannen har med seg.
Tilsetjingsutvalet har bestått av ordføraren, varordførar Marie E. Bruarøy, opposisjonsleiar Helge Steinum, hovudtillitsvald Åse Gjerde (Delta) og Jonny Christensen (Fagforbundet).