Den enes død den annens brød
At DnB legg ned sin filial i Os gjev ringverknader for Sparebanken Vest. - Førespurnadene aukar, seier informasjonssjef i Sparebanken Vest, Lars Ove Breivik.
Benjamin Søgnen Olsen
benjamin@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Det har kome nye kundar til Sparebanken Vest Os den siste tida, men ikkje nok til at dei vil konstatera at det er grunna DnB-filialen som forsvinn. Men Breivik fortel at det nok kan koma eit dryss den dagen DnB stengjer.
- Det vil alltid koma og gå kundar, men vi kan konstatera at interessa har auka, og eit auke i talet førespurnader, seier informasjonssjef Lars Ove Breivik og held fram:
- Vår erfaring når konkurrentar legg ned, er at dei større forflyttingane av kundar ikkje skjer før kontoret fysisk blir stengd. I forkant vil det vera nokre, men det er først då dei kjem.
- Os-kontoret er regionsenter
- Kva svarar de når folk spør om Sparebanken Vest også kjem til å forsvinna frå Os?
- Det er ingen planar om å leggja ned, men dette blir vurdert fortløpande. Os-kontoret er å rekna som eit regionsenter i området, med eit relativt stort kontor. Kommunen er også i vekst, og er vel blant dei seks eller sju kommunane i Noreg med størst vekst, noko som sjølvsagt er positivt, seier Breivik.