Demenskoret på NRK har teke landet med storm. No er planlegginga i gang i Bjørnafjorden
– Ta gjerne kontakt om du vil bidra til etableringa av koret.
Oppmodinga kjem frå ordførar Trine Lindborg som gler seg stort over at det no skal etablerast demenskor i Bjørnafjorden kommune.
Kommunen har også signert ny avtale med Nasjonalforeningen for folkehelsen om å vera eit demensvenleg samfunn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bjørnafjorden signerte avtale med Najonalforeningen for folkehelse allereie første gong i 2019. No er avtalen gjennomgått på nytt og ein er blitt samd om vidare arbeid saman.
– Vil du bli aktivitetsven eller besøksven? Ta kontakt med Os frivilligsentral eller Fusa frivilligsentral, oppfordrar ordføraren, og bed spesielt menn om å ta kontakt.
Den same oppfordringa går ut til alle som kunne tenkja seg å bidra med å etablera demenskor. Her er det Os frivilligsentral ved Stine Kobbeltvedt som er kontaktpunkt.
– Det gjeld også om du vil bidra med sponsormidlar til oppstart, legg ordføraren til.
Ho gler seg stort over at planleggingsarbeidet no er i gang.
Eit demensvenleg samfunn handlar om å inkludera personar med demens og deira pårørande. Eit slikt samfunn gjer det enklare og tryggare for personar med demens å meistra kvardagslege aktivitetar.