Ved hjelp av ein brosjyre håper Svanehjelpen i Os på meir harmoni mellom folk og svanar i år.
Ved hjelp av ein brosjyre håper Svanehjelpen i Os på meir harmoni mellom folk og svanar i år.

Deler villig vekk gode svaneråd

Ved å dela ut ein ny informasjonsbrosjyre håper Svanehjelpen i Os å bidra til eit betre forhold mellom folk og svanar.

- Kjem du til Os via båtvegen, har du kanskje blitt møtt av ein hissig svane. Dette er Hamnesjefen. Dette er hans rike, slik byrjar teksten ibrosjyra.

Den held fram med informasjon om kven han er, når han kom til Os, korleis han og familien kan te seg, informasjon om at reirplassen er freda og korleis båtfolk eksempelvis kan halda ei åre eller bøtte mellom seg og svanefar - men utan å slå.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hald avstand og la dei vera i fred. Etter litt tid forstår dei at du ikkje vil dei vondt, forklarer ein av dei mest dedikerte svanevenene, Sølvi Bugge.

Ho står bak brosjyren saman med resten av Svanehjelpen i Os.

- Han gjer sitt beste

Hamnesjefen med fru har nok ein gong fått eit kull ungar på sin faste hekkeplass ved Oselva. I år kom dei alt 19. mai.

Årets ungekull har kost seg i Oselva sidan 19. mai.
Årets ungekull har kost seg i Oselva sidan 19. mai.

Mange har stor glede av å følgja med på den travle familien, men kvart år kjem fram historier om dei som er mindre begeistra.

- Brosjyren har vi laga fordi det gjennom åra har vore mange eksempel på at folk slår etter, går til angrep på og på ulike vis plagar familien, seier Bugge.

Ho og dei andre medlemene i Svanehjelpen i Os vil gjerne hjelpa folk så dei slepp vera redde og usikre.

- Vi ønskjer at alle skal få kunnskap. Går du i skogen og ser ein hjort med ungar, så ryggar du. Det same burde ein gjera med svanene. Hamnesjefen gjer så godt han kan for å passa på familien sin, men han har dessverre ein del dårleg erfaringar.

Blir med i båten og viser

Bugge meiner det ikkje er vanskeleg å få til eit godt samliv mellom menneske og svane, berre kunnskapen er til stades.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om ein for eksempel går ned til familien, så blir det ballade fordi Hamnesjefen skal forsvara ungane. Folk må la vera å provosera han, så går det fint.

Svanehjelpen deler med glede både teoretisk og praktisk kunnskap.

- Ei i gruppa har vore med folk i båt for å visa korleis dei skal oppføre seg.

Ho meiner det er folk sin eigen feil når svanene blir ampre.

- Folk blir kanskje nervøse og redde. Dei må gjerne ta ein telefon til meg så kan eg visa dei korleis dei skal gjera det.

Ulovleg

Provoserande åtferd får svanene til å bli meir aggressive. Med rett kunnskap kan folk omgåast dei på ein måte som gjer at dei ikkje blir redde og sinte.

Er du i båt og svanene kjem mot deg, er rådet at du held deg heilt roleg.

- Har du ungar i båten, så få dei til å setja seg heilt ned i båten og be dei sitja i ro, og avvent, seier Bugge.

Artikkelen held fram under annonsen.

I følgje Bugge kan svanene sjå på deg som ein trussel fordi du har båt og minnar om nokon andre som har vore stygge mot dei.

- Når nokon brukar åra til å slå etter dei, eller skvettar vatn på dei, så blir dei berre meir hissige.

- Slik behandling av dyr er dessutan forbode og ein kan bli meldt til politiet. I dag er det raskt for andre å ta video og bilete som kan brukast som bevis, minnar ho om.

Viktig informasjon

I sommar vil Bugge og dei andre i Svanehjelpen i Os derfor gå rundt i hamna og dela ut brosjyrar, og forklara folk korleis dei skal te seg rundt svanene.

Foldaren ligg på Essoen og på heimesida. Gruppa ønskjer også å få lagt ho ut hos kommunen.

- Vi har samla ein del viktig informasjon i den, men viser også tilheimesida vår, der det ligg meir nyttig informasjon.

Eksempelvis er det mange som ikkje veit kvar dei skal venda seg vis ein svane er skadd.

- Då blir det gjerne mykje ringing rundt for å finna dei rette. På heimesida vår står det kven ein kan kontakta når det trengst. Vi i gruppa kan også bistå med pleie, slik vi har gjort før, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ønsket hennar er at folk byrjar følgja med istaden for å la seg irritera.

- Mest av alt vil vi at andre skal sjå på svanene med den gleda vi gjer. Men om dei ikkje klarer det, så kan dei la dei vera i fred.

- Svanene er komne for å bli. Vatnet er deira element og dei har like mykje rett til vera her som oss, avsluttar ho.