Delar av Hatvik utan straum
650 kundar i Hatvik-området er utan straum. BKK håpar feilen er retta innan kl. 16.30.
Det er uvisst kva som forårsaka straumbrotet på Hatvik no i ettermiddag. Men det er i alle fall uvêret «Tor» som står bak.
- Det er nærliggande å tru at eit tre har ramla ned over linja, seier kommunikasjonsrådgjevar Jarle Hodne hos BKK.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han kan fortelja at rundt 650 kundar frå Hatvik mot Lønningdal no er utan straum.
- Vi har ekstramannskap ute i felten og jobbar hardt for å retta feilen. Vonadleg innan kl. 16.30 i ettermiddag, men eg kan ikkje lova noko. Det er alltid usikkert når det skjer mange feil samstundes, seier han.
Abonnentar som har nettilgang, kan halda seg oppdatert påbkk.no.