Merk dine sommarbilete frå Os og Fusa, på Instagram, med hashtagen #osogfusasommar og bli med i trekninga av eit dagspass til Osfest, og andre premiar. (Illustrasjonsbilete)
Merk dine sommarbilete frå Os og Fusa, på Instagram, med hashtagen #osogfusasommar og bli med i trekninga av eit dagspass til Osfest, og andre premiar. (Illustrasjonsbilete)

Del dine sommarbilete og vinn

Bli med i vår sommarkonkurranse, og vinn dagspass til Osfest.

Os og Fusaposten inviterer til stor Instagram-konkurranse i sommar.

Å delta er enkelt: Ta bilete av det du forbind med sommar i Os og Fusa, og legg dei ut på Instagram med hashtagen #osogfusasommar. Du kan også tagga bilete du allereie har lagt ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Badar du? Er du ute med båten? Et du rekemiddag i sola? Er på løpetur? Leikar ungane i vannspreiaren? Et du og venene dine is på kaien? Er du på telttur? Grillar du? Moglegheitene er mange - nesten endelause - og du bestemmer sjølv kva du definerer som sommar.

Dei beste bileta blir premierte.

Ein del av dei vil også koma på trykk i avisa, og bli lagt ut på osogfusa.no og facebook.com/osogfusaposten/.

Hugsa at jo fleire bilete du tag'ar, jo fleire vinnarsjansar har du.

Korleis delta?

1. Legg ut (eller tag eit eksisterande) sommarbilete frå Os og Fusa-området på din Instagram-konto.

2. Merk biletet med hashtagen #osogfusasommar.

3. Vent i spenning til onsdag 3. august, så kanskje er det du som blir vinnar av eit dagspass til Osfest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi deler også ut premie til to andre bilete.

1. premie: Dagspass til Osfest

2. premie: 1/2-års abonnement på Os og Fusaposten

3. premie: Gåvekort på 500 hos Peppes Pizza.

Har du ikkje Instagram, men vil delta?

Vi gjev deg ein enkel forklaring på korleis du gjer det.

Instagram er gratis å bruka. Du treng ein smarttelefon med tilgang til Internet. Instagram er ein app, som du lastar ned frå Apple App-store eller Google Play. Når du har laga deg ein brukar, lastar du opp bilete. Desse kan du merkja med ein såkalla hashtagg, eller emneknagg som det heiter på norsk. Den består av #-tegnet og eit samanhengande ord -som #osogfusasommar. Du kan bruka så mange emneknaggar du vil på kvart bilete.

Dei første #osogfusasommar-bileta publiserer vi allereie i "sommaravisa" 22. juni. Derfor er det ingen grunn til å venta: Byrj å knipsa og tagga med ein gong, så får du kanskje ditt sommarminne på trykk snart.