– Dei som låg godt i le tidlegare i veka, kan vera mykje meir utsette no
Stormen Knud vil for ein del bli mykje heftigare enn Helene som herja tidlegare i veka.
Knud vil treffa hardare enn først venta, og fleire stader er vêrvarslinga difor oppjustert til full storm (raudt farenivå). I Hordaland er det meldt gult farenivå. Vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Kristin Sæther, fortel at det er vanskeleg å samanlikna stormane som har fått namna Helene og Knud.
– Det er snakk om heilt ulike vindretningar. Helene var sørvestleg vind, medan det med Knud blir nordvestleg. Stormen vil dermed ta heilt annleis. Dei som låg godt i le førre gong, kan vera utsette no, seier Sæther og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei aller fleste veit kva vindretning dei er utsette for, og bør vera ekstra merksame på vinden og sikra det dei har av lause gjenstandar. Dei som ligg i le bør også gjera det, då ein vil kunna oppleva kastevind.
Skal roa seg utover kvelden
Generelt er det viktig at folk er flinke til å sikra lause gjenstandar.
– Det er meldt full storm sør i fylket. Det er snakk om skikkeleg kraftige vindkast. Det som ikkje blåste vekk sist, kan fort blåsa vekk no.
Vidare fortel Sæther at vêret vil roa seg utover kvelden og natta.
– I morgon er det meldt stiv, vestleg kuling med regnbyger. Stiv kuling er mykje vind, men det er vi meir vane med her på desse traktene, seier Sæther.