Dei aller fleste eksamenane er avlyste – endring fastsett
Regjeringa har no fastsett endringsforskrifta som gjer at dei fleste eksamenar i ungdomsskule og vidaregåande skule blir avlyste.
Regjeringa kunngjorde 11. februar at ho ville avlysa eksamenane i vår for 10. trinn og elevar på vidaregåande skule.
Forslaget vart sendt på høyring 14. februar – og eit fleirtal av høyringsinstansane støtta avlysinga, opplyser regjeringa.
Artikkelen held fram under annonsen.
No har kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) fastsett endringsforskrifta som avlyser dei fleste av dei ordinære eleveksamenane i vår.
– Som i fjor skal det framleis haldast privatisteksamenar og enkelte eksamenar der elevane har særleg behov for å få avlagt eksamen. Fag- og sveineprøver skal òg gjennomførast, skriv regjeringa.