Datokøyring i morgon
Bergen innfører datokøyring som akuttiltak mot svært dårleg luft i byen. Men dersom du får med deg to passasjerar i bilen, slepp du unna.
Tysdag ettermiddag la Bergen kommune ut meldinga om at det vert innført strakstiltak mot den høge ureiningsnivået i byen som følgje av kaldt vêr (og eksosutslepp).
Frå onsdag morgon av vert det forbode for bilar som sluttar med oddetal å køyra til Bergen sentrum innanfor ytre bompengering. Torsdag gjeld forbodet for bilar som sluttar med partal, og vice versa på fredag. Forbodet varer fram til fredag kl 22.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ytre bompengering omkransar ei sone rundt Bergen sentrum, og pendlande osingar møter på ringen i Fjøsangervegen, Nattlandsvegen og Storetveitvegen.
Har prøvd alt
Bergen kommune har prøvt ei rekkje andre tiltak før dette no vert iverksatt. Dei har bede innbyggjarane om å la bilen stå og å unngå vedfyring. Dei har innført strøing av magnesiumklorid for å binda svevestøvet, men dette har ikkje vist seg å gje god nok verknad.
- Me har prøvt alt anna. Eg forstår godt at datokøyring er til stor ulempe for mange, men me er nøydde å hindra at folk vert alvorleg sjuke, uttaler byråd for klima, kultur og næring, Julie Andersland i ei pressemelding.
Fleire unntak
Forbodet gjeld ikkje for elbilar og hybridbilar. Får du med deg to eller fleire passasjerar, slepp du også unna. Køyretøy som vert nytta til næringsverksemd, offentleg teneste, utrykningskøyretøy er også unnteke datokøyring. Forbodet gjeld ikkje om natta mellom klokka 22 og 6.
Skyss utvidar tilbodet
I tillegg til at Skyss sitt busstilbod er styrkt med 300 nye avgangar gjeldande frå 4. januar, vert det no også sett inn ekstrabussar. Meir informasjon om dette finst påSkyss sine nettsider.