Dansa i to timar for veldedig føremål
Ein tur til butikken for å kjøpa laurdagsgodt blei til to timar med dans til inntekt for Sykehusklovnene.
Askil Furubotn Storum (10) og veninna Alma Horne (10) fann ut at dei ønskte å gjera noko godt for andre.
- Vi skulle eigentleg på butikken for å kjøpa laurdagsgodt. Så kom eg på at storesøstera mi samla inn pengar til Syria-flyktningar i fjor. Vi ville også finna på noko slikt, seier Askil.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fekk inn 650 kroner
I to timar dansa dei utanfor Spar Fusa til inntekt for «Sykehusklovnene», som opptrer for born på Haukeland universitetssjukehus.
- Vi fekk inn 650 kroner. Vi dansa til ein song som heiter Gangsta Walk, fortel Askil.
- Er dette noko de kan tenkja dykk å gjera igjen?
- Ja, det kan godt vera. Kanskje vi kan gjera det i Eikelandsosen, Strandvik og på Vinnes.
Askil hadde vore på overnatting hos Alma, og dei to hadde nok øvd litt i forkant.
- Dei spurte oss om det var greit på førehand, seier Askils mor, Line Furubotn Storum.
Askil har gått eitt år på dans på kulturskulen, men gjer ikkje det nett no. Dei to har ein lærar, Paul Merkesdal, som er veldig flink med dans.
- Eg reknar med at dei har plukka opp litt frå han. Eg har ikkje sett at dei har dansa til denne songen før, så dette er nok noko nytt dei har funne på, seier ho.