Terje Søviknes kunne smila store delar av valnatta.
Terje Søviknes kunne smila store delar av valnatta.

Dagen derpå med valets vinnar

Terje Søviknes trur Erna ventar litt før ho stokkar om på statsrådskabalen. Lokalt held han døra på glytt for KrF og Venstre.

- Klokka vart 4 før eg var i seng, ja. Etter at eg kom heim måtte eg inn og sjå korleis det hadde gått med Frp på fylkestinget og i andre kommunar, seier ein sliten, men lukkeleg Terje Søviknes.

Knappast mogleg fleirtal

Her i Os er 99,9 prosent av stemmene talde i skrivande stund. Det er venta at resultatet er 100 prosent klart i løpet av føremiddagen. Slik fasiten ser ut no får Frp 39,4 prosent av røystene, medan Høgre landar på 12,3. Frp får i så fall eitt mandat ekstra i kommunestyret, medan Høgre mistar to.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det ser ut til å bli knappast mogleg fleirtal i kommunestyret for Frp/H?

- Ja, det blir 18 mot 17. Det blei eit fantastisk resultat for oss, berre så synd at Høgre ikkje følgte opp på same måte. Dei vart nok eit offer for nasjonale trendar, og ikkje minst det som har skjedd med Bergen Høgre, seier Søviknes.

- Når de no styrkar dykk i forhold til Høgre, vil de krevja å få tilbake sjefsstolen i plan- og bygningsutvalet?

- Det er for tidleg å seia noko om. Først må me setja oss ned med Høgre for samtalar. Før det kan eg ikkje forskottera noko.

Ikkje heilt stengt for V og KRF

- Vil det bli aktuelt å invitera andre parti inn i varmen for å sikra seg eit meir komfortabelt fleirtal?

- Me er innstilte på å samarbeida. Det er berre to år sidan me hadde eit budsjettsamarbeid med KrF og Venstre. Slik sett ligg det an til god dialog med dei framleis. Men er du først i opposisjon, er det ofte mest interessant å fronta eigen politikk. Det får også litt å seia korleis dei andre partia grupperer seg internt. Ingen av dei små partia er store nok sjølve til å få eit sete i utvala, så dei må bestemma seg om dei vil knyta seg til oss eller inngå alliansar med kvarandre, seier Søviknes.

- Basert på resultatet i Oslo er det ikkje umogleg med eit blågrønt styre, der Miljøpartiet Dei Grøne vert tekne inn. Kan dei vera ein aktuell samarbeidspartnar?

- I og med at dei har vore tydelege på at dei er blokkuavhengige, ville det kanskje vore litt rart om dei bandt seg opp mot ein koalisjon som eigentleg ikkje har behov for dei. Særleg med tanke på seinare val. Men generelt er me ute etter å tenkja breiast mogleg. Først på lista vår står då dei partia me har eit samarbeid med på nasjonalt nivå. Det er særleg relevant i ein situasjon der Frp og Høgre ikkje har gjort veldig gode val på landsbasis, seier Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utskifting av statsrådar?

I riksmedia blir det spekulert i om det ligg an til utskifting av statsrådar etter det noko labre resultatet for regjeringspartia. Har ordføraren tenkt noko på det i løpet av morgonen?

- Nei, ikkje i det heile tatt. Men Frp er i ein situasjon der me totalt sett kjem til å enda opp med færre ordførarar. Dette må diskuterast med partileiinga, men eg vil tru at det vert viktig å halda skansen der me faktisk sit i posisjon. Elles er det ikkje unaturleg at Erna tenkjer på å stokka om på kabalen etter to år i regjering. Men eg vil tippa at det ikkje skjer før etter statsbudsjettet er lagt fram. Kanskje ved nyttårstider, seier Søviknes.