Covrar Oasis i britisk julekampanje
Aurora Aksnes er eit heitt namn i britisk presse etter at det vart kjent at ho skal fronta varehuset John Lewis´ julekampanje.
Det har vore eit internasjonalt år for Aurora (19) frå Lysefjorden. Ikkje berre skal ho opptre med A-ha på Nobelkonserten 11. desember, no skal ho også fronta ein legendarisk, britisk reklamekampanje.
I fylgjeVG kan det betyr eit gjennombrot i det britiske marknaden. 19-åringen frå Os skal nemleg synga Oasis-låta «Half The World Away» I John Lewis´ årlege julekampanje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tidlegare har superstjerner som Ellie Goulding og Lily Allen fronta same kampanjen.
BådeThe Telegraph,Mirror ogThe Sun skriv om Aurora i dag.
- Å bli plukka til å synga i den ikoniske reklamen er i desse dagar ekvivalent med å få tusen gåvekort, fordi låten er nærmast garantert å halda seg i toppen av hitlista i høgtida, skriv The Sun ifylgje VG.
I fylgje The Suns kjelder i musikkbransjen, har John Lewis hatt rikeleg med alternativ å velja i.
- Men sjølv om Aurora er fullstendig ukjend, følte dei at hennar særprega stemma var perfekt for låta.
Kampanjen startar i morgon tidleg.