Coop kallar tilbake karbonadedeig etter funn av plastrestar
Coop kallar tilbake karbonadedeig, fordi det er funne restar av plast i fire pakkar.
Plasten er blå og stammar truleg frå plastsekker som kjøttet blir levert i, før det blir kverna til karbonadedeig.
– Sjølv om plasten skal vere lett å oppdage for kundane, ønsker vi ikkje å ta nokon sjansar og kallar tilbake produkta, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop Noreg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han oppmodar kundar som har kjøpt produktet, om å levere det tilbake, slik at dei kan få nytt produkt eller pengane tilbake.
Tilbakekallinga gjeld Coop karbonadedeig 400 gram med siste forbruksdag 22. oktober 2019.