Byggjer ut for å ta unna for kundestraumen
Kiwi-butikken på Moberg er blant kjedas mestomsetjande på Vestlandet. No utvidar dei både butikken og parkeringa.
Sidan butikken opna i 2010 har kundestraumen berre auka på. Det er ikkje lenge til butikken omset for 100 millionar i året. Med det er dei blant dei beste Kiwi-butikkane på Vestlandet.
- Det tvingar seg nesten fram at me no utvider. Både for å få litt større butikk, og ikkje minst for å få lagt til rette for fleire parkeringsplassar, seier reigonssjef Vest, Jan Olav Mjøs.
Artikkelen held fram under annonsen.
Doblar parkeringstilbodet
Utbyggingsarbeidet starta i sommar og er venta å vera heilt ferdig ein gong ut i februar.
- For ein butikk som går såpass bra vil det fort bli utfordringar med parkering. No byggjer me ut parkeringsplassen og får plass til i overkant av 30 bilar til. Dermed vil det totalt vera parkering for litt over 70 bilar, fortel Mjøs.
Når det gjeld butikken, så vert den utvida med kring 300 kvadratmeter.
- Det vil i praksis seia at me utvidar med 30 prosent i høve til dagens areal. Totalt vil heile butikken få eit løft og framstå som meir funksjonell og moderne, når arbeidet er ferdig, seier Mjøs.
I samband med utbygginga skal butikken også byta ut alt av kjøle- og fryseinnreiing og heile maskinparken for dette.
- Ved å byta kjølemedium frå freon til CO2, vert butikken også meir miljøvenleg, seier Mjøs.
Ny ferskvaredisk
Dagleg leiar Trine Bjørkhaug Dyke gler seg til nyopninga på nyåret.
- Det blir kjempemoro å få litt større butikk. Det gjev oss høve til å få inn ei heilt ny grønnsaksavdeling og ein eigen ferskvaredisk. I tillegg vil utvidinga gje oss generelt meir hylleplass. Totalt vert butikken på 1.300 kvm, seier Bjørkhaug.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Gjengen på Moberg gjer ein kjempejobb. Både dei og kundane fortener denne omfattande fornyinga, konstaterer Mjøs.