Kjell Gytri er klar for mange køyreturar i 26-setaren sin. I tillegg til faste turar for pensjonistar ønskjer han å køyra for grupper frå lag og organisasjonar.
Kjell Gytri er klar for mange køyreturar i 26-setaren sin. I tillegg til faste turar for pensjonistar ønskjer han å køyra for grupper frå lag og organisasjonar.

Bussjåfør og turoperatør

Han har køyrd buss sidan 1995. No har Kjell Gytri starta eige selskap med bussturar spesielt for pensjonistar.

Like før jul i fjor takka Kjell Gytri for seg i Osbuss AS og kjøpte seg ein 26-seters Iveco turbuss. Med på kjøpet frå seljaren fekk Gytri også ei rekkje faste kundar og gode kontaktar innan reisebransjen.

- Henry Nilsen, som selde meg bussen, er nådd dei 60 og valde å gå av like før jul. Då eg kjøpte 26-setaren av han, fekk eg også med kundane og ein del av dei faste turane som han hadde med firmaet sitt, Scandia Tours, fortel 54-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Turavgang frå Os

Gytri hadde tenkt lenge på å starta for seg sjølv då busstilbodet frå Scandia Tours dukka opp. Første nyttårsdag var draumen ein realitet. Då var «buss-reise.no» eit etablert firma med eigne nettsider og eit bra utval av bussturar på programmet for sesongen 2016.

- Eg ønskjer ikkje å ta meg vatn over hovudet den første sesongen. Likevel har eg laga eit noko tettpakka program med totalt 12 lengre turar til ulike plassar i inn- og utland. Alt no har eg faktisk fått påmeldingar på samtlege turar, smiler Gytri.

Mange av kundane som følgde frå Scania Tours-tida er frå Bergen. Ettersom Gytri sjølv er busett i Os, håpar han også at turglade osingar vil visa si interesse.

- Det er ikkje så mange langturar for buss som har avgang frå Os. Det får dei dersom dei reiser med meg, lokkar Gytri.

Mykje logistikk

54-åringen er godt van med lange dagar i buss-setet, men vedgår at det vert ein god del fleire langturar på han frå no av.

- Den første turen går no i slutten av februar. Då skal me til Hanstedt i Tyskland. Seinare i sesongen vert det turar til Danmark og Færøyane, samt ein del rundturar i Noreg, fortel han.

- Gler du deg til turane?

- Ja, eg liker veldig godt å køyra og sjå nye plassar. Dessutan vert ein alltid kjent med mange kjekke folk på slike turar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du lagar heile turopplegget sjølv?

- Ja, eg er både sjåfør og turoperatør. Då gjeld det å ha orden i sysakene. Ein kan ikkje bomma på ei ferjebestilling med 26 medreisande i bussen, humrar Gytri.

Også underhaldning og sightseeing-opplegget er Gytris ansvar.

- Det krev ein del planlegging med telefon og mail-arbeid på førehand, men det må ein nesten lika. Elles kan ein ikkje styra med slikt.

Sjølv om han i første rekkje har fokus på turar for pensjonistar har 54-åringen også intensjonar om å tilby turar for andre kundegrupper.

- Eg skriv sjølv på nettsida til buss-reiser.no at eg er mottakeleg for forslag til andre turar enn dei 12 eg har lagt opp til så langt. I tillegg har eg sendt ut eit skriv til ein del lag og organisasjonar, spesielt i Os, der eg inviterer dei til å ta kontakt dersom dei skal på kortare eller lengre turar, seier Gytri.

Syden og camping

På heimebane er den nyetablerte turoperatøren godt gift og far til no godt vaksne born. Når han og kona skal ha ferie vel han...kanskje litt overraskande... å dra på camping-ferie.

- Eg liker det. Då er me våre eigne herrar og putrar av garde i eige tempo. Dessutan slepp ein å overnatta på hotell. Det vert ein stundom litt lei når ein er på vegen som bussjåfør, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er det ein tur du har ekstra trua på no i 2016?

- Det må bli Vikingcruise-turen til Færøyane og Island i august. Det er ein tur som Scania Tours har hatt stor suksess med i tidlegare år, og som brukar å bli tidleg fullbooka, seier Gytri.