- Dei som held på slik bør tenkja seg om to gonger. Det er mange som gret sine modige tårer når dei mister førarkortet, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.
- Dei som held på slik bør tenkja seg om to gonger. Det er mange som gret sine modige tårer når dei mister førarkortet, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Burnar: - Me har fått løyve frå politiet - Politiet: Det stemmer ikkje

Lensmann Oddbjørn Dyrdal ristar på hovudet om påstanden om at ungdom har fått tillating frå politiet til å burna på plassen utanfor Lidl-bygget.

Ein "burnar" «Os og Fusaposten» har vore i kontakt med, seier at politiet i sommar gav han og venar av han løyve til å vera på plassen ved Lidl-bygget.

- Det er ein veldig populær plass fordi det ikkje er hus i nærområdet. Fleire politifolk har sagt at det er greitt at me er der. Det skjedde seinast i sommar, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Linkande problem ved Amfi-senteret

Dette er ein påstand som Dyrdal tørr påstå at ikkje stemmer.

- Det me kan seia er at det trass alt er betre at slik aktivitet skjer på eit avsperra område. Men me aksepterer ikkje denne typen køyring. Vegtrafikkloven gjeld også på ein parkeringsplass. Her gjeld paragraf 3 som går på at ein skal ferdast hensynsfullt og vera varsam slik at ein ikkje er til fare, eller kan skada andre. Det har vore liknande problem utanfor Amfi-senteret. Der er det like ulovleg, seier Dyrdal.

Hemmelegheld møtestader

Dei siste fem åra har nokon brote opp porten inn til området ved Lidl-bygget for å leika seg med motoriserte køyretøy.

- Eg har høyrt om det, ja, seier han uten å ville utdjupa.

Os og Fusaposten har tidlegare vore i kontakt med fleire i miljøet til "burnaren", og dei seier at dei frastår frå hærverk og tjuveri, og at dei ikkje har noko med dette å gjera.

- Tenkjer de ikkje på at de er på andres eigedom ved Lidl-bygget?

- Det er det siste me tenkjer på. Plassen er ikkje brukt på veldig lenge.

- Har de fleire stader i Os som de samlast på?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sjølvsagt, men det held me for oss sjølve.

- Aktiviteten er uakseptabel

Lensmann Dyrdal fortel at patruljen ofte er i området det er snakk om.

- Me er klare over enkelte stader kor det ofte samlast ungdom som køyrer på ein uaktsam måte. Då registrerer me dei, og sender dei bort.

Hærverket på porten har ikkje blitt meldt, og Dyrdal har difor ikkje kjennskap til kva som har gått føre seg ved bygget på Ulven dei siste åra. Hans første råd var at dei burde ha ein port som fungerte, for å førebyggja, og hengja opp skilt med adgang forbode. Dette har eigarane gjort i fleire år. No er porten øydelagt og skilta forsvinn nesten før dei er komne opp.

- Denne aktiviteten er ikkje akseptabel, seier Dyrdal og held fram:

- Om ein vert tatt fleire gonger, eller om ein episode er grov nok, og brot på vegtrafikklova paragraf tre, så kan det resultera i bøter og inndraging av førarkort. Bilen kan bli tatt frå dei, og sperrefrist for kva tid ein kan få tilbake førarkort vert rekna ut i frå alvorlighetsgrad.

Gret sine modige tårer

Om det i tillegg vert gjort skadeverk på annen manns eigedom, vert det rekna som ei tilleggssak. Til dømes så vert svarte striper i asfalten, noko det er mange av ved Lidl-bygget, rekna som skadeverk.

- Dei som held på slik, bør tenkja seg om to gonger. Det er mange som gret sine modige tårer når dei mister førarkortet, seier Dyrdal.