Budsjettkonferansen er i gang
Ferske kommunestyrepolitikarar vert i dag kasta rett ut i eit krevjande budsjettarbeid. - Me skal ta oss litt god tid, seier ordførar Terje Søviknes.
Den årlege budsjettkonferansen pågår no ved Quality Hotel Edvard Grieg på Sandsli. Konferansen varer i to dagar, og skal gje politikarane i formannskapet samt gruppeleiarane i kommunestyret innsikt i dei største tenesteområda i kommunen med eit hovudfokus på økonomi. Dette vert eit viktig grunnlag når dei ulike politiske partia skal legg fram sine budsjettforslag seinare i haust.
- Rådmannen og økonomisjefen kjem til å presentera budsjettet i dag, før kommunalsjefane Nils-Petter Borge og Line Rye går gjennom helse- og sosialområdet samt oppvekst- og kulturområdet, seier Terje Søviknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
På onsdag kjem teknisk drift, stab og støtte, samt avgiftsbudsjettet til å stå i fokus. For dei partia som vil blir det lagt opp til arbeid i grupper etter lunsj.
«Os og Fusaposten» kjem tilbake med meir frå budsjettkonferansen.