Budsjettframlegg 2016: Vil styrkja helsestasjonen
Sjå dei viktigaste punkta frå Frp/H/V/KrF sitt budsjettframlegg. Garanti og tilskot til utviding av Kyrkjetunet, ny stilling ved helsestasjonen, ny næringsutviklar og midlar til gangveg i Osmarko er nokre av desse.
Denne lista innleier budsjettframlegget frå koalisjonen som vart lagt fram i formannskapet no i føremiddag.
Betre læringsresultat +2.300.000
Artikkelen held fram under annonsen.
Læremiddel/bøker i skulane +1.000.000
Helsestasjon/jordmorteneste +600.000
Oppstart ny idrettshall Kuventræ i 2016
Gangveg Osmarko +300.000
Utviding motorcrossbane Kolskogen +500.000
Styrking Open omsorg +600.000
Omsorgsteknologi +400.000
Næringsutviklar/næringsutv. +1.000.000
Artikkelen held fram under annonsen.
Partia er også samde om å gje kommunal garanti til ei utviding av Kyrkjetunet, samt eit kommunalt tilskot til utvidinga på 2 mill kr. Tilskotet vert finansiert med 1 mill kr frå formannskapets disposisjonsfond for kvart av åra 2015 og -16, heiter det i budsjettframlegget.
Betre læringsresultat
Både i 2014 og -15 vart Prosjekt betre læringsresultat tilført ekstra midlar. FrP/H/KrF/V vil vidareføra denne satsinga og legg inn nye 2,3 mill kr per år i komande økonomiplanperiode.
Midlane skal disponerast av styringsgruppa for Prosjekt Betre læringsresultat, men koalisjonen ber spesielt om at ein vurdere følgjande; Oppretting av meistringsteam/kompetanseteam også på barnetrinnet og vidare arbeid med kvalitetsutvikling og tidleg innsats.
FrP/H/KrF/V set også av ein eingongssum på kr 1 000 000 til ekstra innkjøp av læremiddel/bøker i 2016.
- Det er ein føresetnad for å lukkast med Prosjekt Betre læringsresultat at skulane, spesielt på barnetrinnet, nyttar oppdaterte og felles læremiddel, heiter det i framlegget.
Ny stilling ved helsestasjonen
Koalisjonen vil følgja opp satsinga på helseførebyggjande arbeid i Statsbudsjettet for 2016 med kr 600.000 til ei ny stilling ved Helsestasjonen (50% jordmortenesta og 50% generell styrking på helsestasjonen).
FrP/H/KrF/V legg inn ein sum på kr 600.000 til drift av ny dobbel idrettshall på Kuventræ frå 2017.
- Midlane kan evt. overførast Osbadet KF når endeleg driftsansvar for det nye anlegget er avklåra, heiter det i framlegget.
Artikkelen held fram under annonsen.
For å følgja opp etableringa av Knuta-bruo legg koalisjonen inn kr 300.000 som kommunen sin eigendel i ein ny turveg på tvers av Hesteløypa (frå Knuta-bruo til Banktjørnhaugen).
- Koalisjonen legg til grunn at prosjektet vert gjennomført så raskt som råd er i 1.kvartal 2016, og med delfinansiering frå ordninga med spelemidlar til nærmiljøanlegg.
FrP/H/KrF/V legg også til grunn at utviding av motorcrossbanen i Kolskogen endeleg kan skje i 2016, og set av kr 500.000 som kommunalt tilskot til prosjektet.
Ny stilling i open omsorg
FrP/H/KrF/V legg inn ytterlegare ei stilling knytt til open omsorg for å møta behovet omsorgstenester fram mot utvidinga på Luranetunet.
- Ei utbygging av heimetenestene stør også opp om strategien i Omsorgsplanen for Os om at dei som ynskjer det skal få bu heime lengst mogeleg, skriv koalisjonen, som også legg kr 400 000 til prosjektet med omsorgsteknologi i Os kommune.
Vil ha eiga sak på flyktningar
Koalisjonen legg til grunn at administrasjonen tidleg i 2016 må fremja eiga sak med budsjettjustering som følgje av endra tal på flyktningar som skal busetjast i høve det som ligg til grunn i rådmannens budsjettframlegg.
Vil tilsetja næringsutviklar
Koalisjonen vil frå 2016 etablera ei ny stilling som næringsutviklar i Os. Funksjonen skal rapportera direkte til rådmannen, og arbeida tett med administrativ og politisk leiing, utviklingsdirektør for Lyseparken, Business Region Bergen og Formannskapet som ansvarleg næringsutval.
- Arbeidet skal rettast både mot vidareutvikling av lokal næringsliv, og etablering av nye verksemder i kommunen. Basert på dei regionale næringsplanane for Hordaland og bergensregionen bør det også utarbeidast konkrete strategiar og tiltak for næringsutviklinga i Os kommune i eit 8-10 års perspektiv, skriv koalisjonen i sitt bdusjettframlegg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Maksimal framdrift
FrP/H/KrF/V vil halda oppe "maksimal framdrift" på ny dobbel fleirbrukshall på Kuventræ.
- Behovet for auka hallkapasitet er stort, og koalisjonen vil peika på at dette delprosjektet er eit spleiselag med privat sponsor om ei samla utvikling av Os Idrettspark Kuventræ. Oppstart av fase 2 med fleirbrukshallen var estimert til 2015/16, og det bør væra realistisk at reguleringplan for Kuventræ vert vedteken våren 2016 og at oppstart av byggjearbeida kan skje hausten 2016, meiner koalisjonen.
Budsjett 2016 skal endeleg vedtakast av kommunestyret 15. desember.