Bu som ein prest?
Sidan 1980-talet har mange prestebustader blitt selt. Om kort tid kjem kanskje turen til Os og Fusa.
1. september forsvinn buplikta for prestar i den norske kyrkja. No blir det difor vurdert kva bygg som skal seljast. Os sokn har tre prestebustader som er på kommunale hender, medan prestebustaden i Fusa er eigd av Opplysningsvesenets fond.
Driv berre med innkvartering
Personalrådgjevar Christer Olsen på Bjørgvin bispedømekontor fortel at bustader i kommunalt eiga kan brukast til andre føremål av kommunen, medan Opplysningsvesenet berre driv med innkvartering av prestar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ein del av prestebustadane vil me nok halda på av kulturhistoriske grunnar. Om eit slikt bygg ikkje kjem med på ei slik liste, er det ikkje dermed sagt at huset ikkje kan vera av lokalhistorisk verdi. Her kan ein sjå for seg at kommunen og private går saman om å ta vare på huset, seier Olsen.
Om ein tilsett prest vel å ikkje bu i soknet sin prestebustad, er det ikkje dermed sagt at bustaden blir selt til første og beste interessent. Bustaden vil då bli leigt ut fram til neste prest blir tilsett.
Det er usikkert når lista med hus Opplysningsvesenets fond vil halda på og ikkje, er ferdig.
Vel verd å ta vare på
I ei fråsegn frå Fusa sokneråd dagsett 22. april i år, går dei inn for at prestebustaden på Fusa også i framtida skal vera tenestebustad.
Dette har dei fleire grunnar for å meina: Den generelle bustadmarknaden i Fusa, huset ligg slik til at det er meir attraktivt enn "standard"-hus, prestegarden har djupe historiske og kulturelle røter og inngår i eit heilskapleg kyrkjeleg "landskap" og bustaden har arkitektoniske verdiar det er vel verd å ta vare på.