Ei av dei to nye ferjene som er sett inn i sambandet Halhjem-Sandvikvåg fekk trøbbel fredag. På biletet, MF Samnøy. Det var Huftarøy som fekk tekniske problem.
Ei av dei to nye ferjene som er sett inn i sambandet Halhjem-Sandvikvåg fekk trøbbel fredag. På biletet, MF Samnøy. Det var Huftarøy som fekk tekniske problem.

BT: - Propelltrøbbel for den nye ferja

Den nye ferga som endeleg er på plass mellom Halhjem og Sandvikvåg, fekk tekniske problem fredag føremiddag. Det skriv BT.

Ferja "Huftarøy" fekk tekniske problem etter 09.45-avgangen fredag.BT har snakka med ein passasjer som var på ferja då trøbbelet oppstod.

– Vi fikk først en litt uklar beskjed om at de hadde tekniske problemer med fergen. En stund seinere fikk vi en ny beskjed om at de forsøker å fikse problemet, seier Ginn tilBT.

Artikkelen held fram under annonsen.

36 personar var om bord i ferga, opplyser Torkild Torkildsen, direktør i Torhatten Nord, til BT. Torkildsen stadfestar at ferja fekk tekniske problem med propellen, men legg til at ho ikkje stansa.